Musikk
Leave a Comment

Påskestemninga

For enkelte er påskestemning ski, appelsiner og Kvikklunsj, for andre er det påskebodskapet som gjer at denne høgtida er viktig. Det religiøse står ikkje sentralt for meg, men eg nyt likevel dei store oratoria, pasjonane og dødsmessene som vert framført i påska.

Søndag 5. april framfører Det norske Kammerorkester Pergolesis Stabat Mater, med Tone Braaten og Ebba Rydh som solistar. Konserten er i Frogner kyrkje i Oslo kl. 19. Dette er noko av det vakraste som er skrive av musikk, så er du i byen, og har høve, så få tak i billettar og gå dit. Garantert gåsehud. Her har du eit lite utdrag med King’s Concert, Gillian Fischer og Michael Chance er solistar.

 

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply