Billig mat, Mat, Veggis
Comment 1

Comfort food

Vi hadde vore ute lenge, og kom innatt våte og kalde. Korleis skal ein få varme i kropp og sjel raskt? Eg steiker ostesmørbrød, ikkje dei vanlege inni omnen, men i smør i steikepanna. Eg har høyrt at desse er amerikanske, eg veit ikkje om det stemmer.

Eg fann på denne kombinsjonen ein gong eg var sjuk, ingen mat freista og kjøleskapet berre inneheldt sennep, margarin og ei osteslintre. I brødboksen fann eg ein tørr brødskalk. Den fekk eg gnagd to skiver av, og så lagde eg dette deilige ostesmørbrødet. Etter at eg åt det følte eg at kreftene seig inn i meg att. Ungane mine vil ha dette smørbrødet med ketchup, og for all del ikkje brent.

Dette er ikkje slankekost, meir enn eit slikt smørbrød kvar fjortande dag vil eg ikkje anbefale med mindre du er på feitekur. Slik gjer du det:

Ha sennep (eller ketchup) på to brødskiver. Eg likar søt Bergeby-sennep, andre vil ha den skarpe franske. Kvar kan få det som dei vil.

 

img_5436

 

Ha på det du måtte ha av ost. Eg brukte riven her, men det er fordi det var det eg hadde. Det er enklare med ei heil osteskive, gjerne den siste som ingen klarer å få noko meir utav.

img_5438

Smelt eitt par skeier smør eller margarin på middels varme i ei steikepanne du har lok til. Legg dei to skivene saman, og legg dei i smøret.

img_5439

Snu skiva når den har fått pen farge på den eine sida. Har panna blitt tørr må du ha i litt meir smør.

img_5440

Nyt den. Når du er ferdig kan du gjenta etter meg: Tilgje meg, Grete Roede, for eg har synda. Ha tol med meg.

img_5442

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Nam! Ostesmørbrød var min favoritt da jeg var lita! Men det må være litt hvitløkpulver på synes jeg 🙂

Leave a Reply to Ragna Cancel reply