Billig mat, Heidi, Mat, Middag
Comments 3

Janssons fristelse

 Eg har skrive om min variant av Jansons fristelse tidlegare, her får du Heidi sin variant. Ho er inga matpingle, og difor ligg ho nok nærare opptil originaloppskrifta enn eg gjorde. No kan du prøve denne og, begge er velsmakande, billig og ukomplisert mat. Eg gjev ordet til Heidi.

Alt godt

Har du ikkje smakt Janssons fristelse før er det snart på tide. Det er ein rett det er lett å verte glad i. Å reise til Sverige for ein nordmann er kan hende ikkje det mest spanande, men det er noko er det med denne maten i Sverige, spesielt dersom du likar sild.

Og så har dei så fint språk. Når ein svenske seier; ” Janssons frestelse” så er det berre å ta imot sjølv for ein nordmann. Det er ansjos, poteter, løk og fløyte som utgjer freistinga, og han er like god kald som varm, men allerhelst oppattvarma.

Eg let meg freiste av denne Jansson, men kven var han? Å svare er ikkje heilt enkelt, men svenskane har tre alternativ.  Retten er kalla opp etter ein film frå 1929 med  tittelen Janssons fristelse, men kan og vere kalla opp etter ein svensk basist med namnet Pelle Janzon (1844- 1889.)

Den tredje forklaringa er at retten kjem frå Amerika og at predikanten Eric Jansson lot seg freiste av denne potet – ansjosretten i fastetida, og kyrkjelyden vart rysta av Janssons kulinariske utskeiing. Ikkje noko av desse tre forklaringane er spesielt spennande.

Vi kan med ein gong slå fast at svenskar er kjedelege. I alle fall til vi har smakt på dei, og nettopp her ligg det guddommelige med Sverige: Du må kome på innsida av svenskane og smake. Det er kanskje ikkje så lett, men her får du sjansen. Vert du freista? Prøv retten saman med ein salat med raudløk, det er berre heilt nydeleg. Server den som ein varm middagsrett eller kald til koldtbordet. Bruk ei låg eldfast form. Slik gjer du det:

Janssons fristelse

1 kg poteter

1-2 løkar

8 store ansjosfiletar

3 dl kremfløyte

Litt peppar

40 gram margarin på toppen

Skrell potetene og skjer dei i stavar. Hakk løken, og legg løk, poteter og ansjos i bitar lagvis ei smurt eldfast form. Strø litt peppar på. Slå over kremfløyta som du blandar litt ansjoskraft i. Legg nokre margarinklattar på toppen. Steik forma i omnen på 200 grader i 50-60 minutt. Sjekk med ein gaffel om potetene er ferdige. 

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. kjersti70 says

    Ok.. dette er GODT!!! (men litt vel mykje potet for vår diabetes-datter). Eg lærte om denne retten av min mann. Han budde i Sverige ei tid som barn, og fekk ofte dette servert på skulen.

    Det er kjempegodt med grøn salat til og øl. La meg også presisere at eg likar IKKJE sild (pyse), men ansjos er noko heilt anna. I alle fall pingle-silda ein får i desse bittesmå boksane som folk vanligvis har på egg. Den er mild og forsiktig. Eg laga ein gong Jansons fristelse med store ansjons, og det var ikkje så godt for vår gane. Det blei litt meir likt sild ja.

  2. RandiF says

    Ah…fin måte å bruke opp juleansjosen på…. 🙂

Leave a Reply to RandiFCancel reply