Som eg allereie har fortalt om, fann eg ein flott hamburgerrygg i den lokale butikken nær der vi budde i Danmark. Hamburgerryggen er den utbeina svinekammen, som er salta og røykt før den vert kokt. Den eg fann var rå, så eg la den i ei gryte, og dampa den.
Sjølv om eg kjøpte berre 800 gram, vart det tre gode skiver til overs etter at vi åt den som middag. Kjøtet fekk vere med i ein deilig salat med tomatar, avokado og sukkererter som vi spiste til lunch. Slik gjorde eg det:
Lunchsalat
200 g kokt hamburgerrygg
Ein avokado
200 g blanda salat, rukkola, spinatblad og lollo rosso, til dømes
100 g sukkererter
200 g tomatar
50 g reddikar viss du har
Litt hakka grasløk
50 g fetaost
Dressing:
3 ss eplesidereddik eller kvit balsamico
6 ss olivenolje
½ ts salt
Grovmalt peppar
1 ts honning
Rens, vask og tørk salaten, og fordel den utover eit fat. Del tomatane i to, og fordel dei utover. Skyll sukkerertene, og ha dei i salaten saman med tynne skiver av reddik. Ha over grasløk eller andre urter, og smuldre over fetaosten. Skjer hamburgerryggen i tynne strimlar, og ha den i til slutt. Rist saman dressingen, og ringle den over. Server med godt brød til.
Det så veldig godt ut,ble sulten jeg.
Kjempe smart å trylle frem en ny rett av samme råvare.Er også veldig glad i å lage mat,og syntes det er for mye mat som blir kastet her i landet.