Grønt
Comments 3

Tage Andersen

img_5588_2Eg har skrive om Tage Andersen før, det er ein butikk eg alltid er innom når eg er i København. Eg elskar den særeigne stilen hans, med rusta jern, friske og døyande vekstar og med hans eiga evne til å følge sesongane.

Første gongen eg kom dit var i 1988, rett av danskebåten, rett før jul. Venninna mi og eg hadde fått gratistur, og hadde blitt oppvarta av trailersjåførar og studentar frå statens lærarhøgskule for handel og kontor (!!). Vi var nok litt reduserte av dagen før, så å kome inn til Tage Andersen då var som å kome til himmelen. Sakral musikk og ei julestemning vi aldri hadde sett maken til gjorde at vi fekk samla oss og senka skuldrene.

img_5605_2Musikken er ein eigen del av opplevinga. Den er alltid klassisk, men kan godt vere på grensa til det eksperimentelle. Ein nydeleg kontrast eller kommentar til miljøet du vandrar rundt i.

Denne påska var temaet kamelia, og det er ein planteart han har arbeidd mykje med. Han har hatt kameliautstillingar sidan midten av åttitalet. Han hadde også dei meir vanlege vårplantane, som vipeegg (fritillaria meleagris) og andre løkvekstar.

Når du kjem til København, stikk ein tur innom butikken i Ny Adelgade. Det kostar ein norsk femtilapp, men det er det verd.

Butikken går over to nivå, du kjem inn på gatenivå og så går du ned og opp igjen ei bratt vindeltrapp.

img_5603_2Til slutt kjem du ut i den vakre bakhagen, der han har eit lysthus som er fylt med mange forskjellige plantar. Oppetter veggane heng det potter linda inn i strå, med oliventre, sitrustre eller kamelia, alt etter sesongen.

No er det kameliaer, i fjor når eg var innom var lysthuset fylt av store pengetre (crassula) som blomstra! Det har eg aldri sett før eller seinare.

Fuglar flyg rundt fritt og i bur, og den lokale fasanen let seg allernådigast avfotografere. Han vandrar rundt i verkstaden, rundt lysthuset og briskar seg. God tur til København!

 

img_5615_2

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. silkepus says

    Tage Andersen er ein heilt klar kandidat til den tilstundande Københavnturen for femtisen og meg! (langhelg om to veker)
    Vi tek gjerne også imot andre eventyrlege tips til «smultronställen» i Kbh som ein tilfeldig turist ikkje kan rekne med å oppdage – vil nødig bli gåande i skytteltrafikk mellom Strøget og Nyhavn, så kom bare med det, om I har noget! Kva med t.d. Glyptoteket, er det noko??

  2. Glyptoteket er veldig fint, lunch i rotunden er å anbefale. Sjekk ut artikkelen eg lenkar til over, der er det masse tips.

  3. Elsa says

    Amaliehagen ved Amalienborg slott og Botanisk Hage

Leave a Reply