Duft
Comments 9

Ein fin dag

Eg har hatt ein fin dag i byen! BipBap, som skriv http://www.velduftende.com, og eg møttest på Majorstua, og byrja dagen på Heaven Scent som avtalt.

IMG_6477Dei sterkaste minna som sit att derfrå er Coeur d’été frå Miller Harris, og Vittoria Apuana frå Profumi del Forte. Coeur d’été er ei mjuk og delikat sommarduft, som opnar med kvit fiol, heliotrop og solbær, men som får sødme frå sjokolade, banan og lakris (!!) utan at den på nokon måte er klissete.

Lyn Harris komponerte den medan ho var gravid, og følte at luktesansen hennar vart meir kjenslevar enn den hadde vore. Dette er ei duft som er nær deg, og som er lett å bere, samstundes som den har karakter og særpreg.

Avslutninga er floral og tørr utan å vere pudrete. Ei elegant duft som skiftar preg undervegs utan å tape seg.

vittoria_apuanaVittoria Apuana er også fruktig, har også banan, men supplert med vanilje og balansert med mykje sitrus, fleire ulike typar sitrusfrukter.

Denne er også velkomponert, har ei vakker flaske og avsluttar varmt og nært kroppen.

Midtvegs i duftforløpet har den ein litt skarp tone av vanillin, men både byrjinga og avslutninga av denne dufta er rein kunst.

Vi gjekk vidare til Gimle, fekk rote rundt der i fred og ro, og fann mykje deilig der og. Den eg vart mest imponert over, som eg har fått alle eg har møtt i dag til å lukte på, inkludert damene på Glasmagasinet og Eger, var Acqva de Zucchero frå Profumum. Ei fantastisk duft!

Den er reint søt, utan overveldande frukt eller andre forstyrrande element. Den er oppgitt å ha berre tre notar, appelsinblomst, skogsbær og vanilje, og det kan den godt ha, på meg luktar den berre deilig søtt, men ikkje på ein påtrengande måte. Den er unisex, og ein mann som hadde på seg denne skulle ikkje mast lenge. Pur duftglede!

Det nye parfymeriet Eger var fint, litt underleg for meg at dei har delt dame- og herreavdelinga frå kvarandre i to delar i butikken, men dei om det. Flott belysning og hyggeleg betjening som umiddelbart nappa på det faktum at to bloggedamer kom innom.

IMG_5267Vi kom heim frå runden nedleste med prøver, og utan ein bit hud som ikkje lukta av eit eller anna. – Og gløymde eg å seie at vi var innom Hermés? 😉 Osmanthe Yunnan, Ambre Narguile, Vanille galante og Vetiver Tonka fekk bli med heim.

Med fare for å gjenta meg sjølv: Den som meiner at (ein del av) lukka ikkje kan kjøpast for pengar har vore i feil butikk…

 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Jeg har igjen rester av Acqva de Zucchero på armen enda 😀 Jeg glemte å vise deg Roja Dove – Hadde jo den i veska også. Kan sende deg når jeg får «glassrørene» mine

  2. Charlotte: Ring meg når du er i byen, så tek vi ein runde! 😀
    Veslemøy: Så fint at du syns det!
    BipBap::hoppar opp og ned i yr glede: Her luktar det og litt zucchero! 😀

  3. sol says

    Coeur d’Été er en underkjent Miller Harris! jeg har under en halv flaske igjen av den jeg kjøpte våren 2007. Fin på forsommeren, men liker å bruke den også på kaldeste vinteren siden den frammaner høysommer.
    Høres ut som om dere har hatt en fin utforskningstur! 🙂

  4. sol says

    det har jeg lyst til! kan tipse om når jeg er i oslo m ledig tid 🙂

  5. Pingback: Serge Lutens Un Bois Vanille « Alt godt

  6. Pingback: Gimle og meg « Alt godt

Leave a Reply to CharlotteCancel reply