Duft
Comment 1

To rose-dufter: Voleur de Roses og Drôle de Rose

L’Artisan har to rosedufter,Voleur de Roses og Drôle de Rose.

Voleur de Roses (rosetjuven) er den mandige av dei, sjølv om begge er beskrivne som unisex. Med mandig meiner eg at den er mineralsk, nesten metallisk i lukta til å byrje med, medan Drôle er meir blomstrande, feminin og nesten søtleg i starten. voleur

Det mineralske i Voleur vert mildna av ein fruktig note, som i følge ekspertane skal vere plomme. Likevel er det rav og eit lite hint av løysemiddel som pregar Voleur den første timen, iallfall på mi hud. Etter kvart utviklar den seg i ei mørkare retning, og patchulien kjem fram. Heile tida sit denne nært til huda, og er ikkje dominerande sjølv om den inneheld relativt markante notar.

Mot slutten er den varm og tiltalande, det luktar berre godt. Eg ser for meg at denne må vere fantastisk på den rette mannen, altså som har rett hudkjemi til å bere denne. Den kan sjølvsagt også gjerne berast av ei kvinne.

IMG_6484Drôle de rose (den morsome/festlege (??) rosa? Nokre translatørar her?) er som sagt meir feminin, søt og pudrete  utan at verken det eine eller det andre vert for mykje av det gode. På same måte som Voleur er den ei nær duft, den ropar ikkje ut at den er der. Du skal inntil ein person for å kjenne at han eller ho går med denne dufta.

Men når du kjem nær vil du berre lukte meir, for Drôle er behageleg, rein og samstundes spennande. Eg er sikker på at det er litt fiol i den, men det er ikkje for mykje. Den har også eit hint av høy midtvegs, som for meg er med på å understreke det reine ved dufta.

Drôle gir meg ei sterkare oppleving av rose enn Voleur gir. Rosenotane i Voleur er nærare det skitne, nærare forråtnelsen, «fast på ett bra sätt», som svenskane seier. Voleur må du til utlandet eller på nettet for å få tak i, Drôle har dei inne på Heaven Scent. 

 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Helt enig om Voleur de Roses sin «maling/løsemiddel» odør i starten. Var faktisk utrolig nok en av de tingene som gjorde at jeg falt for den. I tillegg gjorde den meg hektet på «mørke roser». Får også ett spesielt bilde av hele duften, som jeg må prøve å sette bedre ord på engang. (Secret Rose Garden, våt og elektrisk, mørk men innbydende, mystisk, jord, flyktig..) Liker å bruke den spesielt på «mørke» sommerdager. Gleder meg til dagen jeg kjøper en hel flaske!

Leave a Reply to byPCancel reply