Mat, Middag, Sausar og dippar
Comments 4

På vikingevis

I dag skal vi gå drastisk til verks, vi skal lage mat slik vikingane gjorde det. Mat ute smakar best, men det treng ikkje alltid vere matpakke eller grilling når ein skal lage til eit godt måltid ute. Eg fekk vere med på å koke kjøt og fisk i kokegrop, og det er ein spennande og annleis måte å lage mat på. Du kan variere på mange måtar, og sjølv om det tek litt tid så er det spennande når alle som er med på tur gjer sitt til at måltidet vert ferdig.

Å lage ei kokegrop er ikkje så komplisert, men du treng litt utstyr. Du treng ein stikkspade, ei greip og/eller ei hakke, eit par kraftige hanskar, ein sekk ved og 25-30 steinar på storleik med eitt par knytnevar kvar. Sjekk ut reglane for bålbrenning før du går i gang, det kan hende at du treng løyve.


Finn ein stad der jorda er fuktig, steinfri og fin, med eit solid lag med gras på toppen. Myrjord fungerer kjempefint til å lage kokegrop i. Bruk ein stikkspade, og rut opp eit rektangel på ca. 0,80 x 1,20 meter. Stikk spaden på skrå ned ca. 20 cm rundt heile kanten. Del torva i tre, og stikk spaden inn under slik at du kan ta den av i flak. Legg flaka til side. Grav ut molda slik at du har ei godt og vel halvmeterdjup grop, og la kantane skrå godt utover. Dette er viktig for å få god trekk til bålet. Skal du bruke kokegropa fleire gongar, kan det lønne seg å strø eitt par bøtter sand i botnen av gropa. Oppdatering: Legg ein mynt nederst i gropa. Dersom den vert funnen av arkeologar om nokre år veit dei at den er relativt moderne, og ikkje frå vikingetida. Smart, ikkje sant?


Legg eit lag med steinar i botnen og opp langs kantane. Legg i ved, og fyr opp eit bål i gropa. Når bålet brenn godt, kan du legge i resten av steinane. Fyll på med meir ved, det bør brenne i minst ein time. Når bålet har brunne ut, grev du ut steinane med hakke eller greip, og legg dei på kanten. Grav ut det som er att av glør og kol også, det trengst ikkje lenger no.

Maten du skal leggje i gropa bør lagast klar på førehand slik at den er klar til å leggjast i gropa med ein gong steinane er tekne ut. Lammelår er ein vikingklassikar. Gni det inn med godt med salt og peppar, og legg gjerne med nokre kvistar rosmarin.


Pakk det inn i folie (mange lag!) viss du vil ha den reinslege varianten, eller i rabarbrablad eller kålblad viss du vil ha det meir i pakt med naturen. Rabarbra-/kålblada kan surrast rundt låret med kraftig kjøkensnøre, det overlever opphaldet i kokegropa. Brukar du naturmetoden løner det seg å legge bregneblad mellom kjøtpakkane og steinane slik at varmen ikkje vert for intens.

Legg dei varme steinane nederst i gropa, og legg pakken med kjøt oppå. Legg dei varme steinane rundt og oppå kjøtet. Skal du lage fisk kan du leggje den i ei leirgryte eller pakke den godt i folie med salt, peppar og litt sitron og dill i buken.

Når du har lagt på alle steinane, fyller du på med litt mold, og legg torvrutene på toppen til slutt. No er det berre å smørje seg med tolmod, men ikkje så mykje.

Eit stort lammelår er ferdig etter ein time og tjue minutt, så sterk er varmen i ei slik grop. Husk på at fisk treng mykje kortare tid i gropa enn kjøt gjer. Heil fisk er ferdig etter ein halvtime, og poteter og grove grønsaker treng ein time i gropa. Pass på at kjøtet ikkje ligg for lenge, då vert det tørt og trist.


Tilbehøret må også bli med i gropa, pakk poteter og heile, nye kålhovud i folie. I pakken med kål vert det best med litt salt og peppar og ein klatt med smør. Poteter og kål er ferdige etter ein time, så vil du ha dei ferdige samtidig med kjøtet, lønner det seg å la kjøtet ligge ein halvtime først. Så kan du fort løfte på torva, og legge potetene og kålen nedi. Dekk til igjen raskt, slik at varmen ikkje går tapt. La kjøtet kvile eit kvarter før du byrjar å skjere i det, så held det betre på den deilige kjøtsafta.

Kva saus åt vikingane? Det er ikkje godt å seie, men ein student ved Høgskulen i Volda tipsa meg om denne sausen som stammar frå middelalderen. Den heiter herresaus eller camelinsaus, og var nok ein demonstrasjon av velstand og rikdom, så mykje krydder som gjekk med til å lage denne sausen. Den er alt for sterk til å bruke som vanleg saus, den kan serverast som om du serverte sennep til, eitt par teskeier per porsjon. Prøv ei tugge med litt kjøt, litt potet, ein klatt smør og ein drope herresaus, det er ein fantastisk smakseksplosjon! Alle kryddera skal brukast i malt utgåve. Eit strålande høve til å få rydda opp i kjøkenskapet. Slik lagar du den:


Herresaus

3 ts kanel

1 ts muskat

1 ts ingefær

1 ts peppar

1 ts nellik

1 ts kardemomme

2 ts salt

2 dl brødrasp

2,5 dl god eddik

1 dl vin eller sider

1 ss brunt sukker

Bland alt i ein bolle, og rør det med ein ballongvisp til sausen vert glatt og lett. Du kan også tilsetje hakka nøtter eller korintar.

Lykke til med vikingematen!

This entry was posted in: Mat, Middag, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. No tok du meg tilbake til ifjor då eg gjorde akkurat dette saman med resten av mat, kultur og konserveringsklassa på høgskulen i Volda 🙂 Gode minner om ein fantastisk dag.
    Slik mat smakar fortreffeleg, men er verkeleg låret ferdig etter berre 1 time og 20 minutter, hugsar at låret vårt låg iallfall 2,5 time.

  2. Ja, det gjorde det sikkert, og vart tørt og grått. Vi hadde vårt nedi i 1 time og 20 minutt, og då vart det saftig og rosa inne ved beinet. Eg har gjort dette to gongar, den eine gongen saman med matkulturklassa i Volda, og eg huskar godt dei høglydte protestane då eg ville ta låret ut etter ein og ein halv time.

    Andre gong eg gjorde det gjorde eg det saman med nokre kokkar på Opplysningskontoret for kjøt, og då var vi heilt einige om at 1 time og tjue minutt var nok. Det kjem sjølvsagt an på storleiken på låret. Samstundes så er dette ei mykje meir direkte form for varme samanlikna med når ein har eit lår i steikeomn. I steikeomn er det masse luft rudt, her ligg glovarme steinar rett på kjøtet.

  3. Ronny koskinen says

    Jeg skal lage fisk på samme måte, men hvor lenge bør fisken ligge pr kg.? Det er snakk om fersk laks.

    • Ikkje meir enn ein halvtime, om det er heil fisk. Fyll gjerne fisken med urter, løk og sitron. Lykke til! 🙂

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply