Lykke
Comments 5

Dagens skattejakt…

Glamorøse damer har forskjellig i skuffene sine, og når dei ryddar finn dei som andre ting dei ikkje brukar lenger. Vi var innom eit godt stykke utpå dagen, men der var mange skattar att.

Eg veit ikkje heilt om eg angrar eller ikkje på at den søte, vesle Gucci-lommeboka nede til venstre ikkje vart med heim, så eg får berre la vere å tenke på den meir.

Det svarte beltet fekk tenåringen for femti kroner.

Elles vart det eit nytt par Nudie-jeans, ein kjole, ein hekla og ein strikka topp til tenåringen, samt eit skjerf som bestemor skal få i gåve i kasjmir med påsydde paljettar. Lekkert!

Eg leitte etter ei svart veske, men fann ingenting som «talte» til meg. Men det byr seg nok fleire høve!

This entry was posted in: Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Hei der, jassu du på skattejakt og ja!!! Ser under her du har tatt emg med på en utfordring, kanskje hiver ejg meg på den du;) Artig.

    Litt tungvindt for emg å komme inn her nå, eller elgge inn kommentar da for ejg må logge emg på flere ganger…Hmmm, kanskje bare et engangstilfelle får se.

    Ha en vakker da, her ser det kanskje ut til at sola kan komme!!!

  2. Herligheten, så masse skrivefeil du….

    Men nå slapp jeg logge på igjen da.

  3. Du er i det minste konsekvent… 😉 Kva som er problemet med innlogginga veit eg ikkje, vonar det er forbigåande.

  4. Men hvor har du vært? Jeg er sånn som ønsker å komme meg på loppis og sånt der de har gamle skatter (for eksempel vintage Chanel-vesker som den gamle dama ikke innså verdien av…), men så vet jeg aldri helt hvor det foregår og orker ikke stresse rundt til steder for å bare se på gamle kaffekopper!

Leave a Reply