Frustrasjonar
Comments 7

Kva er det dei vil?

Eg forstår meg ikkje på desse demonstrantane i København. Er dei i mot at delegatar frå ulike land møtest og diskuterer klimapolitikk? Burde dei slutte med det? Eller snakkar dei kanskje ikkje fort nok?

Trur dei at viss dei bråkar masse på utsida av Bellasenteret så går det fortare og blir ein betre avtale på innsida? Eg lurer altså på om dei er for eller i mot. Det finn eg ikkje svar på nokon stad.

Men eg har ei hypotese; dei er eigentleg sinte og frustrerte over heilt andre ting, og så syns dei at det er gøy å lage bråk. Når eg les slikt føler eg meg som ei gamal kjerring, men beklagar, eg klarer ikkje å mobilisere noko særleg forståing for desse dustane.

Og så er eg skikkeleg irritert på dei som står bak og organiserer slike bråkerundar. Kan dei ikkje melde seg som frivillige i ein ungdomsklubb eller på eit eldresenter viss dei har for lite å fylle tida si med? Dei har jo tydelegvis både engasjement og organiseringsevner.

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Per Normann Andersen says

    Høres ut som om du har litt sinne og aggresjon du trenger å kanalisere du og :-). Demonstrasjoner som middel for å legge folkelig trykk på delegatene som forhandler om verdens fremtid er vel ikke av de vonde??

  2. Demonstrasjoner er en ting. Positivt og bør støttes – folkelig markering av sterke meninger – på gata eller på bloggen, er en god ting.
    Vold og hærverk fører aldri til noe godt.

  3. Nei, men når dei raserer heile gater og set fyr på bilar sluttar eg å tru på dette som eit uttrykk for folkeleg trykk. Då er det berre pøbelverksemd som sprenger seg fram bokstaveleg talt. Og du Per, trudde du at eg ikkje hadde temperament? 😉

    HildeG: Heilt enig. Retten til å ytre seg og å demonstrere skal eg forsvare til eg stuper. Det er retten til å øydelegge og å gjere folk redde eg ikkje forsvarar.

  4. Per Normann Andersen says

    Demonstrasjoner er en ting, hærverk er noe annet. De to har ikke noe med hverandre å gjøre. Når dert gjelder temperament Gunda, så synes jeg det var flott med litt aggresjon i bloggen din 🙂 (har kanskje vært før og?)

  5. Jeg har hørt at noen av klagene går på at delegatene bruker så forurensende framkomstmidler for å komme seg til konferansen, som privatfly og liknende. Kanskje det bare var et lite eksempel jeg så i avisen.

    Ellers er jeg enig, det er nok bråket som er moro, og ikke saken.

  6. Hehe, jeg vet ikke. De fleste demonstrantene er vel der for å markere sak, mens enkelte benytter det som en anledning til å få lage bråk. Sånn er det alltid, noen som bare vil ødelegge. Men alle er jo ikke pøbler for det.
    Jeg skal spørre min anarkist-bror, han er der nede nå… 😉

Leave a Reply