Lykke, Musikk
Comment 1

Noko av det vakraste XXV

Så og seie kvar sommar frå 1990 til 2000 var eg på Toneheim på kordirigentkurs, eg sat i øvingskoret som dirigentelevane skulle lære av å dirigere. Vi hadde heile skulen til disposisjon, og det var fine sommarveker på Hamar. Vi song til politiet (lang historie), hadde konsertar i Vangskyrkja og livsvarige vennskap oppsto desse intense åtte dagane vi var saman kvar sommar.

Ein kveld gjekk eg forbi auditoriet, og såg at det sat nokon ved flygelet. Eg gjekk inn, og sette meg heilt bakerst. Det var berre pianisten og eg i salen. Pianisten var (og er) ein anerkjent solist og akkompagnatør frå vestlandet, men han var på kurset som korsangar og dirigent, ikkje som pianist.

Medan eg sat der spelte han fleire stykke av Edvard Grieg, men det som gjorde størst inntrykk på meg var Ensom vandrer, eit av dei lyriske stykka i hans Opus 47 no. III. Det er så vakkert, så melankolsk og så ettertenksomt, og han som spelte det for meg (og kanskje mest for seg sjølv) spelte det heilt utruleg nydeleg. Brazz brothers har også spelt inn ein versjon av denne, den er også verd å lytte til om du kjem over den eller opplever dei på konsert.

This entry was posted in: Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. gundama says

    Javisst, vakkert så vakkert. rent…

    Fortsatt god jul !

Leave a Reply