Livet
Comments 3

Oppmoding – Hjelp Haiti!

Folket på Haiti treng hjelp. Dei er frå før eit av dei fattigaste landa i den amerikanske delen av verda, og no er dei råka av ei tragedie som Hillary Clinton seier har bibelske dimensjonar.

Mi venninne Ragnhild er engasjert i eit skuleprosjekt i Delmas, eit slumstrøk utanfor Port-au-Prince. Dei driv ein skule der barn i Delmas får undervisning, legehjelp, vaksiner og mat. Mødrene deira får også kome, dei får undervisning tre dagar i veka.

Akkurat no er skulen, som heldigvis ikkje vart skada i jordskjelvet, base for hjelpearbeidet som pågår i Delmas og områda rundt.

Samstundes arbeider dei på høgtrykk for å finne ut om alle frivillige, lærarar og elevar og familiane deira har det bra.

Dersom du vil støtte dette arbeidet kan du gje det du kan avsjå ved å betale inn på kto. 9741.11.34427. Du kan også gje di støtte gjennom til dømes Legar uten grenser, Unicef eller Raudekrossen.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Hver gang noe sånt skjer, får jeg så lyst til å reise dit! Jeg har så lyst til å hjelpe til, til å grave med mine egne hender eller bandasjere eller hva som helst.
    Haiti har alltid fascinert meg, litt som når man ser en operasjon på TV, man synes kanskje det er litt ekkelt, men man må bare se! Makan til ulykkelig land…
    Penger går til Leger uten grenser, organisasjonen som kunne være den eneste grunnen til at jeg ville orke en utdannelse som lege eller sykepleier, hvis jeg hadde kunnet reise med dem.
    Som det er nå, ville jeg vel tatt mer helseressurser enn vært til hjelp.

  2. Pingback: Fleire gåvetips! « Alt godt

Leave a Reply to RagneCancel reply