Allergi, Billig mat, Middag, Veggis
Comment 1

Gratinert brokkoli

Dette er ei fiksfaksfri oppskrift, enkel å lage når ting skal gå fort og lett å lage berre til seg sjølv. Utgangspunktet er eit fint brokkolihovud, eg brukar ferskt. Det blir middag med frosne bukettar og, men det blir meir som ein grateng, og ein tanke meir vassent.

Denne kan også lagast i veggisversjon. Spe kvitsausen med kokevatnet frå brokkolien i staden for mjølk. Rør inn riven mjølkefri ost, gjerne litt meir enn det som står i oppskrifta her når du ikkje har mjølk i sausen. og så har du mat til mjølkeallergikarane og veganarane og.

Denne oppskrifta er til fire svoltne, lagar du den til deg sjølv så bruk ein bukett og så har du litt ekstra til lunch. Slik gjorde eg det:

Gratinert brokkoli

800 g brokkoli

4 ss smør eller mjølkefri margarin

4 ss mjøl

1 liter mjølk eller kokekraft

Litt sitronsaft

150 g riven ost

Salt, peppar og muskat

Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk, og rør sausen glatt. La den småputre på svak varme medan du rører av og til. Smak til sausen med sitronsaft, salt, peppar og muskat.

No har du lagd ein bechamelsaus, også kalt kvit saus eller fiskebollesaus. Kok brokkolien i godt salta vatn i tre-fire minutt. La den renne godt av, og legg den i ei eldfast form. slå sausen over, og strø på den rivne osten.

Gratiner det heile i 10-15 minutt.

Har du kjøthunger, så steik 150 g bacon og dryss oppå når du tek forma ut av omnen. Server med godt brød.

Bildet av min versjon med kjøt måtte bli eit nærbilde, dei svoltne hadde kasta seg over middagen, og den var ikkje presentabel på avstand lenger. Men god var den.

Dette er perfekt hybelmat, billig, næringsrik og med lite «fotavtrykk».

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Middag, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply