Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag
Comments 7

Kjapp kyllingform

Solveig har utfordra meg til å kome med forslag til oppskrifter med kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ei rimeleg råvare, den er ofte å finne på tilbod, og den er ikkje av det mest usunne ein kan kjøpe heller. Den er mager og rik på proteinar.

Ulempa er at den smakar ikkje stort, så gode, smakfulle oppskrifter der kyllingkjøtdeigen får spele hovudrolla er mangelvare. I dag lagde eg ei ny form som både eg og han eg serverte den til var godt nøgde med. Eg freste grønsaker i godt krydder, og la dei i forma. Krydderet eg brukte er det eg får når eg gir blod, små posar frå Cemo. Dei er grunn god nok til å gi blod i seg sjølv! Deilige, velkomponerte krydderblandingar som løftar kvardagsmaten.

I dag brukte eg riskrydder, som du eigentleg skal bruke til å ha i kokevatnet når du kokar ris. Eg brukte det til å sette smak på grønsakene og kjøtdeigen. Sidan ikkje alle gir blod, og sidan kanskje ikkje alle blodbankar gir bort desse krydderpakkane, så har eg bytta ut krydderblandinga med noko som gjer at det smakar nesten det same. Slik gjorde eg det:

Kjapp kyllingform

400 g kyllingkjøtdeig

1 raud løk

1/2 squash

1 raud paprika

3 ss pastasaus frå glas eller 1 ss tomatpuré

2 dl kyllingbuljong

Smør til å steike i

1/2 ts gurkemeie

1/2 ts paprika

1 fedd kvitløk

1/2 ts salt

Nokre sennepsfrø

1 ts tørka persille

Nykverna peppar

3 ss smør

2 ss mjøl

1/2 liter mjølk

150 g riven ost

Litt sitronsaft

Salt, peppar og muskat

Smelt 3 ss smør i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk , og rør sausen glatt. La den småputre på svak varme medan du rører av og til. Smak til sausen med sitronsaft, salt, peppar og muskat. Rør inn osten, og ta gryta av plata.

Sett omnen på 200 grader. Bland saman krydderet, støt det gjerne saman i ein mortar. Rens kvitløk, løk og paprika. Finhakk kvitløken, og skjer løken i båtar. Skjer paprikaen og squashen i strimlar. Smelt smør i ei vid steikepanne på høg varme. Fres grønsakene fort, og ha på halvparten av krydderblandinga. Hell grønsakene i ei eldfast form.

Varm opp steikepanna igjen, ha i litt smør og ha i kjøtdeigen. Fres den godt, hakk den frå kvarandre med ein trespade. Når den byrjar få farge kan du ha på resten av krydderblandinga og pastasausen. Slå på kyllingbuljongen, og la det heile surre til mesteparten av væska har kokt inn. Hell kjøtdeigblandinga over grønsakene i forma.

Slå på kvitsausen, og gratiner det heile på 200 grader i 20 minutt. Server med ein god salat og eitt par skiver rista grovbrød.

(Beklagar, bortsett frå bildet av grønsakene så er ikkje dette spesielt fotogen mat. Det ferdige resultatet ser meir ut som eit ope brannsår. Ha tol med meg, det smakar fantastisk. Det er vel det viktigaste, ikkje sant? ;-))

7 Comments

  1. Du skal sjå eg må kjøpe ein pakke til! Retten ser god ut. Kanskje noko for skulekjøkenet og. Pannekakeretten i kokeboka til elevane med kyllingkjøtdeig fall ikkje i smak.

  2. Så fint at du likte den! Den kan godt vere noko for skulekjøkenet, ja. Det går sikkert an å bruke eit slikt glas med kvitløkskrydder, til dømes, eller andre krydderblandingar ein likar. Då vert ingredienslista litt kortare og. 😉 Samstundes er det morsomt å lage si eiga krydderblanding.

    Grønsakene kan varierast ut frå kva ein har i kjøleskapet. Purre eller vårløk vil sikkert vere godt, har ein aubergine og steiker den lett etter salting vert det nesten ein moussaka. Sautert kinakål kan også vere godt saman med andre, meir smakssterke grønsaker.

  3. Du lager så ufattelig mange gode retter, gleder meg til å prøve flere av de fremover 🙂
    Men lurer på en ting, jeg har de siste ukene fått 2 av 5 unger her som må på melkefri diett, å jeg er fullstendig i villrede på gode oppskrifter nå, siden 6 åringen min nå vet alt det gode MED melk, å er pottesur fordi han tenker på alt han ikke får spise, har du laget noen gode retter, for de som ikke tåler melk, ikke engang i maten??

    vis du har laget noe om det så gi meg et vink, vil SÅ veldig gjerne forsøke rettene, siden de andre du lager er såå gode 😀

  4. Eg har ei venninne som er på heilt mjølkefri diett, så eg har ein del oppskrifter som kan brukast. Trykk på allergi i kategoriskya til høgre, der skal du finne ein del. Det byrjar kome meir og meir mjølkefri mat i butikkane, så verda går framover. Den oppskrifta over går fint å lage ved at du steiker i olivenolje og lagar saus med mjølkefri margarin og rismjølk eller soyamjølk. Euroshopper flytande margarin er mjølkefri.

    Alle ostar basert på sau, geit og bøffel toler dei fleste mjølkeallergikarar. i denne oppskrifta kunne du til dømes bruke ein bøffelmozarella og litt riven pecorino eller manchego. Både pecorino og manchego er lagd på sauemjølk.

  5. Når eg har hatt melkeallergikarar på skulekjøkenet har eg skaffa soyaprodukt. Dei som ikkje er allergiske, merkar godt forskjell. Eg ville ha steikt i olje ev. mjølkefri margarin, og laga mat utan mjølk viss det er ein overgangsperiode.

  6. Eg prøvde å lage denne i dag, det vart ein god og billeg middag! 🙂
    (litt under 100 kr for å kjøpe mesteparten av ingrediensane på rema)

    Hadde i litt andre krydder enn foreslått; frisk oregano, basilikum og allehånde. Eg las også feil i farta og hadde i ein halv dl melk heller enn ein halv l. Så må definitivt prøve å lage denne fleire gongar!

  7. Moret meg litt over den ufotogene retten – jeg har nemlig også selv noen ganger det problemet. Og så har jeg noen retter som jeg rett og slett lar vær med å lage fordi det ser så stygt ut… 😉

    Ellers må jeg bedrive litt egen-markedsføring og fortelle at jeg også har jeg også laget middag med kyllingkjøttdeig denne uken – kylling-meat loaf. Innlegget kommer i morgen.

Leave a Reply to SolveigCancel reply