Billig mat, Middag, Supper, Veggis
Comments 2

Varm i kroppen

No er eg lei av å fryse. Vinteren kan dra sin kos, spør du meg. Eg sit inne med pledd og varm te, og kryssar fingrane for at mildveret snart skal slå inn.

Mat skal ein også ha, og ein skal passe på å få i seg fem grøne om dagen, og då skal ein ikkje telje potetene med. Dagens rett er fem om dagen i seg sjølv, iallfall viss du et to skåler. Eg lagar ei deilig, grøn brokkolisuppe, full av vitaminar, mineralar og gode ting. Eg har brukt fersk brokkoli, men du kan også bruke same mengde med frosen brokkoli. Då kan du kutte ned nokre minutt på koketida.

Du vil kanskje syns det er litt snodig med appelsinsaft og tomatpuré eller pastasaus i suppa. Begge delar tilfører litt syre, og gjev suppa ein meir interessant smak. Det er ikkje så mykje anna krydder i den, men syra og aromaen som desse ingrediensane gjer suppa meir spennande.

Eg har også servert denne suppa i små glas på buffet, og det har vore stor suksess. Då treng ikkje gjestane skei, dei berre drikk suppa. Har du mykje garnityr på kan du sette ei teskei oppi. Eg brukar telysglas frå IKEA, dei er perfekt storleik for å berre få ein smak av ei god suppe.

For meg er suppe vintermat. Eg kan ete gazpacho om sommaren, og ei lett avokadosuppe eller ertersuppe, men dei kraftige, nærande suppene med mykje grønsaker og kraft i passar best om vinteren, syns eg. Eg har faktisk lese om eit forskningsprosjekt der dei tok same mengde og type mat, og serverte det som suppe til enkelte deltakarar og som middagsrett med vatn attåt. Dei som fekk maten som suppe var mette mykje lenger enn dei som fekk det på tallerken. Er ikkje det bra? Slik gjorde eg det:

Brokkolisuppe

4-5 ss olivenolje

400 g (eit hovud) brokkoli

1 ss pastasaus eller 1 ts tomatpuré

Ein gul løk

3 stilkar stangselleri

1 liter vatn

To terningar eller 2 ss flytande buljong

Safta av ein kvart appelsin

Salt og peppar

Rens og kutt grønsakene i bitar. Dess mindre bitar, dess kortare koketid. Varm opp oljen, og ha i grønsakene saman med pastasaus eller tomatpuré. Fres det heile til det er blankt og løken er gjennomsiktig.

Slå på vatn, og ha i buljongterningane. La suppa koke til grønsakene er møre, ca. ti minutt. Køyr den glatt med stavmiksar eller i blender, og smak til med appelsinsaft og salt og peppar. Server suppa med brødkrutongar, kokt egg eller kanskje litt sprøsteikt bacon. Eg brukte krutongar, og i tillegg drog eg eit zestjern over ein godt vaska appelsin, og dryssa på litt appelsinskal.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Du fornyer stadig manyen vår! Testa brokkolisuppa i går, og det blir ikke siste gang. Nydelig! Appelsinskall på gjorde siste piffen, den blir nok forfremma fra tirsdags- til festsuppe.

  2. Pingback: To deilige dessertar « Alt godt

Leave a Reply