Billig mat, Noko søtt, Sausar og dippar
Leave a Comment

Det søte

Søndag er det lov med dessert, ikkje sant? Desserten i dag er ein slags fruktsalat med blodappelsin og mango. Blodappelsinene er berre å få tak i i februar og mars, så då får vi nytte høvet. Eg lagar ein saus av appelsinsafta som liknar på den du fekk oppskrift på til rispudding for ei stund sidan, bortsett frå at denne søtar eg med honning. Den er så god at den kan godt få vere med ein runde til. Slik gjorde eg det:

Fruktsalat med mango og blodappelsin

To mangoar

Tre blodappelsinar

1 ts maisenna

1 ss vatn

1 ss honning

Skjer topp og botn av appelsinene. Skjer skalet av appelsinen frå topp til botnar slik at alt det kvite unntatt hinnene mellom båtane blir borte. Skjer ut appelsinfiletar av båtane mellom hinnene. Legg dei til side.

Kryst safta ut av det som er att når filetane er skorne ut, og det skalet du har skore bort.

Ta vare på all safta. Ha den i ein kjele med ei skei honning, og la det koke opp. Skum av, og rør ut maisenna i 1 ss vatn. Ha det i kjelen og la det heile koke opp. Set til side.

Snitt mangoen langs yttersida av steinen, altså langs ”kanten” på mangoen. Skjer med ein liten, skarp kniv inn på oversida og undersida av steinen. Då får du laus fruktkjøtet, som sit fast i skalet. Eg legg opp denne salaten i stjerneform, så då ville eg behalde den i båtar. Snitt lange snitt ned i skalet, og ”grav” ut båtane. Legg båtane i ei skål, og legg appelsinfiletar imellom.

Kutt resten av filetane og mangoen i terningar, bland saman og legg i midten. Du kan sjølvsagt også berre blande utan å drive med dessertformasjonar.

Hell saus over fruktsalaten og server. Du kan også ha ein kremklatt til. Velbekomme!

Leave a Reply