Duft, Lykke, Reise
Comments 8

Fine byen

Sola skein. Vi var ute i ein slik flat båt med glasstak som vi kunne ta ned eller dytte opp alt etter temperaturen. Dei serverte lakserogn med blini og ytrefilet av okse til lunch ombord. Det er eit slit, dette livet…

Eg har teke eit bilde eg eigentleg ikkje har lov til  å ta. Dette er Tage Andersen sin verkstad. Grunnen til at det var så stille der og så lite blomar er at han er på slottet og lagar oppsatsar til dronninga sine mange festar, no når ho fyller 70. Gratulerer med dagen i morgon, Margrete! Vonar blomane vert fine. Eg skulle veldig gjerne ha sett dei.

-Og her er det som vart med heim. Eg har ein liten pasjon for miniflasker. Så heim til Oslo tok eg med sju Bulgari-flasker og sju Victorias secret-flasker, Ondé Mystére frå Armani, som var ei gåve frå DFDS, og Annick Goutal Petit Cherie. Petit Cherie blir fjortenåringen sin konfirmasjonsparfyme. Kryss av, då er det i orden. Viktige ting. Pluss eit lass med prøver, sjølvsagt. Eg fekk lov til å kikke i skuffen på Illums.

Nyhende frå Illums, forresten: Dei har fått inn Bond, Ineke frå San Fransisco, Laura Mercier-duftene, E. Coudray og Etro. Pluss eit økologisk merke som eg no i farta ikkje huskar. Mykje nytt, altså!

This entry was posted in: Duft, Lykke, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Københamn verkar freistande når du skriv om den på den måten. Køyde gjennom byen på klassetur for leenge sidan (5-6 år) og hugsar berre fin arkitektur.

    Ang konfirmasjonsparfyme: trur du Dior Miss Cherie L’Eau er eit passande val som gåve? Eg kjenner diverre ikkje mottakaren så godt, og anar eigentleg ikkje kva ho likar. :s

  2. «Eg fekk lov til å kikke i skuffen på Illums.»
    Herreguuud! den sjarmen din årner alt, altså 😀

  3. Jorid: Der er mykje å glede seg over. Dior Miss Cherie L’Eau er sikkert heilt fin til ein konfirmant. Den er ny, då kan det hende at du kan få prøve. Dei mest omtenksomme gjevarane får med ein prøve på dufta dei har kjøpt, slik at dei kan prøve den utan å opne den forsegla eska flaska er i. Då kan dei få vurdert om dei vil bytte på ein enkel måte.

    BÅ: Du skulle vore med! 🙂

  4. sol says

    lurer på nok kort: kva synes du om desse bulgari-duftene? har vore frsita av det settet sjøl. Og: E. Coudray finns å få kjøpt i ein klesbutikk i trondheim, har sett eit sært intaliensk merke der også i same butikken som eg no i farta ikkje huskar namnet på.
    Ineke ville eg veldig gjerne ha lukta på!

  5. sol says

    ps: ser at du har fått prøve på Nifeo mio! misunnelig! 🙂

  6. Jorid says

    Me bestemte oss heller for ein aqua allegoria. Ho i butikken skulle ringe «guerlain» for å få sendt ein sample. 🙂

    Nimfeo mio er ein frisk fiken.

  7. Sol: Eg likar herreduftene, den lilla (amethyste) og teduftene. Dei syns eg alle er av god kvalitet. HAdde eg visst at du ynskte deg den skulle eg teke ein til! 🙂

    Jorid: Den er sikkert flott. Agnete har også ein allegoria, den med mandarin, trur eg. Får du ikkje sample har eg nokre gongar spraya på ein bomullsdott som eg legg i ein slik liten boks som du får kremprøver i. Viss boksen er tett held dotten seg fuktig nokre dagar, og du kan stryke den på huda for å prøve.

  8. Jeg tenkte å ta med en 1 ml-vial, bare for å være sikker — jeg har ikke kjøpt den ennå.

    -sekretær helge

Leave a Reply to solCancel reply