Allergi, Fest, Noko søtt, Veggis
Comments 7

To deilige dessertar

Konfirmanten var oppteken av at alle som var i konfirmasjonen skulle finne ein dessert som dei likte. Mi erfaring med desserbuffetar er at eg er redd for at det skal bli for lite, folk forsyner seg over evne, og det vert masse restar både i serveringsskålene og på dessertasjettane.

Difor fann eg ut at eg skulle servere fem ulike dessertar i småskåler/koppar. Eg har tidlegare brukt IKEA-telysestakar til å servere buffet-porsjonar med suppe, så eg har bygd  meg opp eit lite lager av desse. I tillegg gjekk eg bananas på nyttårssalget på Åhlens, og kjøpte søte små telysestakar der og til ingen pengar. Så då konfirmasjonen opprann var eg vel utstyrt til å lage dessert i porsjonar.

Konfirmanten ynskte seg ein dessert som likna på dei appelsinsjokoladane du finn i butikkane før påske. Den utfordringa kunne eg ikkje motstå, så eg lagde ein appelsinsjokolademousse. Slik gjorde eg det:

Appelsinsjokolademousse

200 g mjølkesjokolade

3 ss melis

3 egg

3 dl kremfløte

Saft og skal av ein appelsin

Skill to av egga, og pisk to eggekv iter heilt stive medan du har i litt og litt melis. Pisk kremfløten stiv. Smelt sjokoladen i vannbad, altså i ein liten bolle over ein kjele med kokande vatn på svak varme.

Vask appelsinen godt, og riv av det ytterste av skalet. Eg brukar eit Microplane-rivjern, ønsk deg det til jul. Eller til påske. Eller til når som helst. Det er berre fantastisk. Press safta ut av appelsinen, og ha det i ei skål saman med det rivne skalet.

Når sjokoladen har smelta rører du først inn appelsinsafta og skalet, og deretter eit egg og dei to eggeplommene. Det treng ikkje vere heilt glatt. Bland sjokoladeblandinga inn i dei stivpiska eggekvitene, og vend så inn kremen forsiktig. Ha i små glas, denne oppskrifta blir nærare tjue porsjonar viss du brukar glas med plass til ca. 0,8 dl.

Den andre sjokolademoussen er mjølkefri, og er ein mokkavariant. Slik lagar du den:

Mokkasjokolademousse

200 g mørk, mjølkefri sjokolade

4 eggekviter

200 g melis

1 ss balsamicoeddik eller ein annan søt eddik

1/2 ts salt

2 ts pulverkaffe løyst opp i 1 ss kokande vatn

Grovhakk sjokoladen, og smelt den forsiktig i vassbad saman med kaffen.

Pisk eggekvitene med eddiken og saltet.  Saltet må med for å framheve sjokoladesmaken. Når eggekvita er halvstiv kan du byrje ha i melisen litt og litt.

Pisk til massen er blank og fast. Vend inn sjokoladeblandinga i eggekvitemassen. Ha røra i små porsjonsglas, og pynt med ei mokkabønne, for eksempel.

This entry was posted in: Allergi, Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Dessertane ser nydelege ut! Men dei er mektige, så porsjonsglas er smart.
    Eg forstår berre ikkje korleis du fekk tid til å lage alt!

  2. Slett ikke dumt. Vi vurderer saken! Jeg hadde egentlig tenkt å gå rett over på kakene, men dette var jo ganske lekkert, da.

  3. Pingback: Meir dessert… « Alt godt

  4. HS says

    Dei var berre kjempedeilige! Men kjære du – kor mange vert det der? Og kor mykje treng eg om eg skal lage 50…??

  5. Pingback: Sjokolademousse « Alt godt

  6. Pingback: 17. mai-buffé | Alt godt

Leave a Reply