Ferie, Reise
Comments 7

À Paris

Så er vi på plass, i vår fine leiligheit i 20. arrondissement. Vi bur like ved Nation t-banestasjon, for dei som er kjende her i byen, og den kjende kirkegården Père Lachaise ligg like opp i gata her.

I går kveld enda vi på ein indisk restaurant rett nedanfor her vi bur. Det er tydeleg at det er ferie i Paris, faktisk er fleire av dei lokale restaurantane feriestengt.

Men indarane tok imot oss med opne armar og ekstraservice. Norske blondiner får det som dei vil her, sjølv om dei berre er fjorten.

Dei vi bur hos er tydelegvis ikkje tedrikkarar, eg fann berre ein type te, ein slags kanelte frå Hotell Crillon som ikkje hadde vore opna på lenge.

Men det er jo strålande, då har eg verdens beste unnskylding for å sykle ned i Marais-området, og leite opp min favorittebutikk, Mariage Fréres og bunkre opp med deira Grand Earl Grey. Store koppar er det iallfall her, det gjer tedrikkinga mi lettare.

Husveret er lyst og ope, heldigvis vestvendt, så vi slepp den intense morgonsola. Det er eit ope kjøkken med stort, flott spisebord og det største speilet eg har sett i ei stove, og tv-/sofakrok med alle fasilitetar mediemessig. Vi har med ei mappe med filmar, så det blir nok litt nattkino her dei neste to vekene.

Her er også to romslege soverom til henholdsvis elleveåringen og meg (når han kjem på søndag) og fjortenåringen og Advokaten. Advokaten kjem på fredag, ho skal vi ta med på intens shopping og elegant dining, tenker eg.

Badet er også romsleg og flott, med innbygd badekar med ein dusj i kvar ende og ein på midten. Lekkert!

VI har allereie møtt våre boligbyttarar i Oslo, dei kom på laurdag så søndag og mandag tilbrakte vi litt tid saman. Dei var veldig fornøgde med å få kome til oss, det er nok litt skilnad for deira treåring å få kome til vår store leikehage med dam og sjørøvarskute. Treåringsverda er universell, han fann eit sverd, og raste opp i baugen på skuta og var pirat med ein gong. Han får det nok fint i Oslo.

Vi tek det roleg i dag, no skal vi gjere oss kjende i nabolaget og orientere oss litt. Eg er veldig glad i Velib-syklane, så vi kjem nok til å bruke dei heller enn t-bane og buss. Så held vi kondisen ved like og, det er ikkje alltid ein får gjort det på ferie. Eg lovar å poste ei bruksanvisning til dei litt seinare, det var ikkje så lett første gongen eg skulle prøve. Ha ein fin dag!

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Jorid says

    Åh, det høyrest kjempefint ut! 🙂 Paris er nok ein fin by å oppleve på den måten, litt utanom hotella ved Disneyland og amerikanske turistar som drikk kartongvin på toget til Versailles.

    No vil eg ut og reise! 🙂

  2. aurora says

    Gøy å følge med på hva dere gjør i Paris, tante.
    Har også vært i Paris i sommer,men bodde ikke så fint som dere.

    Hilsen niese, snart ti år =)

  3. Og her er jeg også. Som alltid helt topp i min favorittby. 🙂 Nyt oppholdet.

  4. Aurora: Så koseleg at du følgjer med! Kanskje vi kan dra hit saman ein gong?

    øyhovoft: Sei frå viss du vil dele ei kanne te med meg!

  5. Nå har vi bare morgendagen igjen her, fredag morgen settes kursen hjemover. Kanskje ved en senere anledning, men da definitivt sans te. 🙂 Nyt resten av oppholdet. 🙂

Leave a Reply to Alt godtCancel reply