Billig mat, Gjærbakst, Tilbehør
Comments 5

Godt brød


Kva er eit godt brød? Det har eg lurt på lenge.

Det vil seie, eg veit kva det er når eg smakar det. Eg har ofte fått servert uhorveleg godt brød. Utfordringa har vore å få til å bake det gode brødet sjølv.

Men lukka står den kjekke bi, her om dagen fekk eg lov til å vere med på eit bakekurs med Martin Johansson, svensken som har blitt berømt i Norden med bloggen Pain de Martin. Han har gjeve ut to bakebøker, og no har den siste, Enklare brød, kome ut på norsk.

Då eg gjekk derifrå var eg nok framleis forvirra, men på eit høgare nivå. Eg lærte veldig mange smarte triks for å bake gode brød, og eg lærte også at mykje av det eg har gjort tidlegare har gjort at brøda mine har blitt kompakte og lite interessante.

Så kva er trikset for å få til eit godt brød? Tid, seier Martin. Han set deigen om kvelden, og let den heve over natta på kjøkkenbenken slik at brødet kan steikast morgonen etter. Han eltar heller ikkje brødet spesielt mykje. Han tek mykje på det, men meiner den voldsomme eltinga som mange bakarar predikar er unødvendig.

I boka finn du to typer oppskrifter, den eine kategorien er langheva deigar, som den du skal få oppskrift av meg på. Den andre kategorien er surdeigsbrød, det kan eg lære deg ein annan gong. Eg har nemleg eit glas med surdeigsbase i kjøleskapet, så berre eg klarer å halde liv i den så skal eg snart få bakt noko spennande med den.

Det eg vil lære vidare til deg i dag er å bake nokre lekre bagettar med sesamfrø. Dette er ein langheva deig, så det passar fint å sette deigen om morgonen om du skal servere bagettane til suppa til middag, eller om kvelden viss du vil ha ferske bagettar til frukost. Du kan også forme deigen til rundstykke eller til eit stort, deilig loffebrød.

Når deigen er så langheva så seier det seg sjølv at ein normal porsjon med gjær ville få deigen til å gå ut over sine breiddegrader. Til denne porsjonen treng du berre ei ert med gjær! Tre gram er det som skal til, men eg har ikkje så presis vekt, og det har sikkert ikkje du heller. Så mykje gjær du klarer å få ned i eit kryddermål er eit gram, eller du kan ta det litt meir på ein raus, som eg. Bruk så mykje gjær som ei tørka grønert. Denne oppskrifta gjev tre bagettar. Slik gjer du det:

Bagettar med sesamfrø

Ei ert med gjær

3 dl kaldt vatn

390 g mjøl

1,5 ts salt

Rør gjæra ut i vatnet. Bland saman mjøl og salt, og ha det i bollen. Rør det inn med ei tresleiv slik at mjølet er sånn nokolunde blanda inn. Du skal ikkje røre lenge, eit halvt minutt er nok til å få alt mjølet blanda i vatnet. Set deigen til side på benken under plastfolie. La den stå i 8-10 timar.

Utbaking:

Set omnen på 275 grader, og set bakeplata du vil bruke inn i omnen. Set ei brødform nederst i omnen. Skrap deigen ut på mjølstrødd bakebord. Dra den ut til ein stor firkant, men ikkje elt den. Den skal behalde noko av lufta i seg. Brett deigen saman først på langs, og så ein gong til slik at den blir som ein firkanta pakke. Vend skøyten ned mot bordet. La deigen heve i ca. 40 minutt.

Del deigen i tre avlange bitar, og dra dei ut litt. Dette er ikkje presisjonsbaking, så fint forma bagettar vert dette ikkje. Dryss litt sesamfrø på bordet. Dytt den fuktige sida av kvart emne ned i frøa, slik at dei festar seg. Vri kvart emne medan du strekker litt på det, Legg det på bakepapir på ei fjøl av eitkvart slag.

Opne omnen, og la bakepapiret med bagettane på gli inn i omnen medan du rykker fjøla tilbake. Slå ein liten kopp vatn i brødforma du har ståande nederst i omnen, og ver kjapp med å late att døra. Dampen frå vatnet gjev flott glans til brødet, og hjelper på hevinga i omnen.

Steik bagettane på 260 grader (ja, sett ned temperaturen litt) i 15-20 minutt til dei har flott brunfarge. Opne gjerne døra litt på slutten, for å sleppe ut det som er att av damp i omnen. Dersom bagettane er lyse under, snu dei og la dei få nokre minutt til.

Ta dei ut, og la dei kolne i eit kvarters tid før du byrjar å skjere i dei. Server bagettane til supper, gryter eller med godt pålegg på.

5 Comments

  1. maia says

    Kan bagettane frysast? Skal ha konfirmasjon utpå våren…..

    Likar

  2. Årntli gjær, Elisabeth.

    maia: Ja, det går fint. Frys dei i tette posar, og la dei halvtine på benken utan pose. Fukt dei litt på utsida og la dei få fem minutt i omnen rett før servering.

    Likar

  3. Jeg har etter hvert nesten gått helt over til langheving, kun de få gangene jeg baker på impuls jeg ikke hever over natta. Er veldig fornøyd med resultatene. 🙂

    Likar

  4. Eg og kjenner forvirringa. Det er to retningar i brødbaking som konkurrerer. Morten Shakenda knar brøda, medan eg ser Samlaget kjem med knafrie brød omsett frå svensk. Felles er langheving. Eg synest alle desse brøda er gode. Så eg satsar på å variere. Det MS seier er at på 80-talet gjekk bakarane konkurs, og industrien tok over. Brøda vi kjper, er bakte på 2 timar. Det er vel her det må kome ein reaksjon …

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s