Blogging
Comments 2

Fire år med blogging!

Ja, det var berre flaks at «jubileumsdatoen» ikkje gjekk meg hus forbi. Fru Storlien posta eit innlegg om at det var fire år sidan ho byrja å blogge, og så måtte eg tenke etter: Når var det eg byrja? Var det ikkje i januar ein gong?

honningisOg jammen var det det. Nittande januar 2009 posta eg forsiktig mitt første innlegg med ei oppmoding til å lage til eit selskap for dei du verkeleg vil treffe, i motsetnad til selskapa i julehøgtida, som kan ha eit strøk av plikt over seg. Menyen besto av carpaccio, heilsteikt ytrefilet med aioli og honningis med rista honningkake.

Sjølv om eg er litt ustadig i blogginga for tida, mest på grunn av bokprosjektet eg held på med, så er besøkstala jamne, og eg har bestemt ei kjensle av at eg har ein gjeng med faste lesarar som set pris på det eg gjer her. Så takk for fire år saman, eg er heilt sikker på at vi vil ha mykje glede saman i åra framover og.

Hurra for fire år! 🙂

This entry was posted in: Blogging

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hurra for fire – og for de neste fire! Så får det heller være at neste bok tar litt tid, bloggen blir ikke dårligere av den grunn, selv om oppdateringene blir sjeldnere. Den er stadig mitt oppslagsverk!

  2. Gratulerer med jubileet!
    Jeg er ganske ofte inne og leser bloggpostene dine, selv om jeg ikke er så flink til å kommentere. Her er mye inspirasjon å finne når det gjelder mat. Gleder meg til å følge med deg videre!
    Ha en fortsatt fin helg!

Leave a Reply