Billig mat, Kaker, Mat, Noko søtt, Pai
Leave a Comment

Crumblepai med cornflakes, eple og tyttebær

Desserten i dag er ein crumble-pai med eple, pærer og tyttebær. Eg har fast tyttebærleverandør i mor mi, så eg driv stadig og eksperimenterer med artige måtar å bruke tyttebær på. Viss du ikkje har din eigen tyttebærleverandør kan du kjøpe frå frysedisken, eller du kan bruke tyttebærsyltetøy som du klattar oppå frukta før du legg på loket.

På fruktfatet låg det to eple og ei pære som måtte spisast fort, og då fekk dei vere med i desserten. La ditt fruktfat bestemme korleis din pai blir, denne kan godt lagast med berre eple eller berre pærer. Skal du kjøpe eple, så prøv å finne ein søtleg type. Tyttebæra er sure nok i seg sjølv, om dei ikkje skal treffe på oversure eple. Jazz, pink lady eller desse små first price-epla som du får kjøpt i ferdigpakka posar er perfekte til denne paien.

Loket på crumble-paien lagde eg av corn flakes av havre, det ga meg ei deilig sunn kjensle. Du kan sjølvsagt bruke vanleg corn flakes, eller frosties om du har det. Ein god granola eller musli kan også passe her. Slik gjorde eg det:

IMG_5145Crumblepai

2 søte eple

Ei moden pære

300 g tyttebær

 125 g sukker

1 ts kanel

½ ts kardemomme

2 ss maisennamjøl

 Topping:

100 g corn flakes, gjerne med havre

50 g kaldt smør i terningar

2 ss brunt sukker

2 ss mjøl

Set omnen på 180 grader. Rens frukta, og skjer den i passe store bitar. Ha den i ei bolle saman med tyttebæra. Bland saman sukker, kanel, kardemomme og maisenna, og hell det over frukta. Vend inn, og hell alt i ei eldfast form.

Ha mjøl, smør og sukker i ein bolle, og smuldre det saman. Ha i corn flakes, og smuldre dei inn i mjølblandinga. Fordel dette over frukta, og bak paien på 180 grader i 40 minutt. Server paien med vaniljekesam eller is.

Har du pai igjen dagen etter så spis restane til frukost med naturell yoghurt. Det er ei smaksbombe! 🙂

Leave a Reply