All posts tagged: Bokmeldingar

Og hver morgen våkner jeg

Men kvar kveld, iallfall dei to siste, har eg grått meg igjennom Marita Hansen si ettertenksomme, ærlege og hjartevarme bok om korleis ho opplevde det å miste kjæresten sin brått og heilt meiningslaust. Du må kanskje leite etter den, bokhandlarane har plassert dei litt forskjellig rundt omkring i butikken, ikkje alltid heilt logisk, men spør etter den. Den er definitivt verd å leite etter. Det du sit att med er håp, ei strime av lys, ei lyst til å leve og til å gå heim og elske din kvardag. Husk å leve, seier Marita, det har ho heilt rett i. Og hver morgen våkner jeg minner deg om det.