Cheesecake Brownie
Det gjekk brått opp for meg at eg aldeles hadde gløymt å poste oppskrifta til dei sagnomsuste cheesecake-browniane som eg lagde til den mykje omtalte konfirmasjonen. Restane av denne hadde eg med på jobb på mandagen etter konfirmasjonen, og matlei som eg var var eg litt flau over å servere desse kakebitane som hadde daldra i sykkelkorga mi langs ring to i ein plastpose. Men på kontoret forsvann dei som dogg for sol, og røynde kakeetarar skrytte av dei. Så eg fekk altså tilbake trua på denne ville idéen om å blande ostekakemasse og brownies. I etterkant googla eg det, og fann nokre variantar, så heilt unik var eg ikkje. Eg fann mellom anna sjokolademuffins med ostekaketopping. Men her er altså min vri: Ostekakebrownie 200 g smør 250 g mørk sjokolade 275 g sukker 4 store egg 200 g mjøl 2 ss kakao 2 ts ekte vaniljesukker 150 g hakka, mørk sjokolade Til ostekremen: 300 g nøytral kremost 1 egg 150 g sukker 1 ts vaniljesukker Set omnen på 180 grader. Smelt smøret på svak …