All posts tagged: brun mat

Det grunnleggande

I skulen høyrer vi om grunnleggande dugleik, dei tinga som alle skal lære, som lesing, skriving og rekning. Men det finst grunnleggande teknikkar som ein må meistre på kjøkenet og, så i dag skal du få lære, eller repetere, nokre av dei. Eg må berre innrømme det, eg elskar saus av alle variantar. Frå barndommen av har eg eit særleg kjærleiksforhold til brun saus, denne utskjelte, kjedelege, stive og alderdommelege massen som mange avskyr. Eg elskar den, like fullt. Difor har eg også eksperimentert mykje med den, og eg huskar enno som om det var i går då eg fekk vere med ei erfaren kokke då ho laga ein bryllupsmiddag tidleg på nittitalet. Då braut ho eit stort stykke norzola opp i gryta, og eg sto med store auge og såg på. Eg treng kanskje ikkje nemne det, men sausen vart utruleg god. I dag skal du lære å lage brun saus, og viss du har laga det mykje gjennom åra, så kanskje du kan få litt inspirasjon til å justere smaken slik at den …

Meir anti-TORO

Når eg tenker tilbake på min barndom var det eit kjenneteikn på at ein middag var husmorfagleg forsvarleg: Den vart servert med brun eller kvit saus.  No for tida er dette ganske ukult, men slike sausar framleis er ein del av kvardagsmaten.  Eg syns det er bra, men det irriterer meg at TORO lever høgt på folks vegring mot bruning og tilsmaking. Eg syns det er gøy å lage brunsaus, den kan varierast i smak, og den kan brukast til mange ting. Brunsaus er slett ikkje feia av banen av pastasaus på glas, ein treng begge deler. Eg må innrømme eit konkurransefortrinn: Mor mi gjekk på lærarskule i Volda seint på 70-talet. Før ho flytta på hybel (ho kom heim kvar helg, altså!) ga ho oss syskena og far min grunnkurs i brun og kvit saus, så då vart det middag på oss i vekene likevel. Far min vart ein kløppar, og lagar framleis fiskegrateng frå botnen av så lett som berre det. Å smake til sausen er den store utfordringa og gleda, og kunsten …