Saftig burger
Middag ute? Tja, det er kanskje ikkje heilt tida for det. Men ein klassisk, saftig hamburger kan ein jo lage inne, og så kan du spare oppskrifta til den varmande sola dukkar opp att. Og når du først er i gang, så kan du like gjerne lage tilbehøret og, ikkje sant? Eg serverer mine hamburgerar med ein syrleg coleslaw, og ferske, luftige hamburgerbrød. For å få dei gode og ikkje alt for harde har eg litt smør og eit egg i deigvæska. Det gjer at dei får perfekt konsistens og smak. Eg likar frø på hamburgerbrøda, og sesamfrø er det klassiske strøet. Denne gongen prøvde eg med valmuefrø, og det vart også veldig godt. Vil du ha frø på bør du pensle bollane med egg for at frøa skal sitte fast. Sjølve burgeren er det veldig lite styr med. Du treng ikkje spe eller kna deigen spesielt mykje, berre krydre den forsiktig, slik at kjøttsmaken vert framheva. Når eg skal verkeleg slå ut håret finhakkar eg oppbløytte, soltørka tomatar og rører inn i kjøttdeigen. Det gjev ein …