All posts tagged: juleverksted

Mine julegåvetips

Oppigjennom åra har eg laga mange oppskrifter på ting du kan lage og gje i julegåve til vennar og kjende. Eit av dei søkeorda som eg får aller flest søketreff på i bloggen er faktisk spiselige julegaver. Her har eg ikkje berre tatt med det spiselege, men også andre tips til ting du kan lage med enkle midlar. Eg har samla lenkene på pinterest, då er det enkelt å klikke seg gjennom tipsa og sjå om det er noko der som er aktuelt for deg. Kos deg i førjulstida! 🙂

Julehuset

Pepparkakehus høyrer alltid med til vår jul, sjølv no etter at borna mine har blitt store. Det er viktig å ha ein god deig som er lett å jobbe med, og som rekk til eit hus, mange store hjarte og endå nokre figurar som kan illudere dei som bur i det fine huset. Det finst mange pepparkakeoppskrifter, og resultatet kan variere. Eg har gode erfaringar med deigen under, der ein kokar opp sukker, smør og sirup. I nokre oppskrifter har ein også i fløyten når ein kokar det heile opp, då tek kolninga lenger tid. Når ein kokar opp smør, sirup og sukker vert sukkerkorna løyst opp godt. Eg har prøvd deigar der smør og sukker er rørt kvitt. Då vert steikeflata meir ujamn, og ein ”ser” spora etter sukkeret. Uansett lønner det seg å lage deigen dagen før ein skal bake. Då rekk den å bli kald og fin, og ”sette seg”, slik at den er lett å jobbe med. Pyntinga av huset foregår etter alle kunstens reglar. Vi limar huset i hop på …

Gåveidéar

Eg fekk ei oppfordring om å samle gåveidéane eg har hatt i bloggen min på ei side. Det gjer eg gjerne. Her er nokre tips: Her er oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar, og det praktiske urtesaltet. No får du kjøpt urter i butikken heile året, så det kan du også lage til jul. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik. Har du plommer (kjøp gjerne i butikken!) så kan du også lage denne krydra plommechutneyen. Å lage ein frisk limoncello med italiensk inspirasjon er mindre krevjande enn ein trur, og eg har også oppskrift på fleire andre typar gode likørar som passar fint å gi bort. Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong. Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er det så og seie heilt gratis å lage dei. Vi må ikkje gløyme dei saltsylta sitronane! …