All posts tagged: pekannøtter

Pekanpai

Pekanpai er ein av mine kakefavorittar, og ein fin variasjon på kakebordet. Pekannøtter får du i innvandrarbutikkar, ofte har helsekostbutikkar det, og elles er det mogeleg for dei store kjedene å skaffe det viss dei får beskjed litt tid i førevegen. Pekannøtter liknar på valnøtter, men har ein mildare og rundare smak. I denne paien blir dei nærast karamellisert, og blir knallgode. Å lage denne paien med valnøtter blir faktisk ikkje så godt, den intense valnøttsmaken vert litt overveldande. Viss du vil kan du ta unna dei penaste og heilaste pekannøttene, og legge dei i mønster oppå paifyllet til pynt.  Pekanpai 240 g mjøl 120 g smør 2 ts sukker Eit egg Set omnen på 180 grader. Ha mjølet i ei matmølle. Skjer det kalde smøret i terningar, og ha dei oppi mjølet. Ha i sukker, og køyr det heile til ein grynete masse. Knekk egget i ein kopp, og hell det i maskinen medan den går. La den gå til deigen samlar seg rundt kniven, det tek berre eit minutt. Stopp maskinen, og hell …