Potetkaker – og minner frå eit bestemorskjøkken
Potetrestar har ein også ofte, og dei får bli potetkaker. Eg var så heldig at eg vaks opp i eit bestemorshus, og når ho hadde kokte poteter til overs lagde ho smakfulle, saftige potetkaker som vi fekk med ordentleg smør og sirup på. No høyrest det ut som barnemishandling, men det er det altså ikkje. Eg lagde det saman med min kjære her om dagen, og den kjensla av varm potetkake, smeltande smør og sirup i munnen fylte meg med lykke. Du kan sjølvsagt servere desse til pølser og, men det gjer deg ikkje like lykkeleg, tru meg. Slik gjorde eg det: Potetkaker/lomper 500 g kokte, kalde poteter ½ ts salt 2 dl kveitemjøl Press potetene i ei potetpresse eller mal dei med kvern opp i ein bolle. Du kan også mose dei fint med ein stappar, eller med gaffel. Elt inn salt og mjøl til du får ein passe fast deig. Ikkje elt for mykje, då blir kakene seige. La deigen kvile ein halvtime, gjerne i kjøleskap. Kjevle deigen ut på ei mjølstrødd benkeplate. …