Mat, Middag
Comments 4

Jansons baconfristelse

Å, det var godt å få januar-lønna, men den går oppsiktsvekkande fort ut att når rekningane har hopa seg opp etter juleutskeiingane. Eg har fabla om å lage ei bok med oppskrifter på mat som ikkje kostar så mykje, som ein kan ty til når kontoen er skrapa og ein likevel må ha middag på bordet kvar dag. Billig mat kan vere så mangt, eg har flasker med eksotiske sausar og krydder ståande. Det er god økonomi, for då kan eg løfte ein rett sjølv om den består av enkle ingrediensar.

Eit anna stikkord for billig mat er at ein må planlegge både handlinga og matlaginga. For ein gjennomsnittsfamilie lønner det seg å kjøpe store pakningar, og du kan og  planlegge restemat, ved å lage ein rett ein dag og følge opp med ein restebasert middag dagen etter.

Eg brukar mykje bacon. Det er billig kjøtt, samstundes som det røykte kjøtet gjev mykje smak i ein rett. Men styr unna dyr, ferdigkutta bacon. Eg brukar ofte baconavskjer, det er store bitar med reint kjøtt som kan kuttast opp, og det kostar ofte ikkje meir enn 80 kroner kiloen. Rotgrønsaker er også taknemmelege å bruke, dei mettar og er lette å ”løfte” i smak med enkle krydder og andre smakstilsettingar. Dagens rett kom til heime hos oss rett over nyttår, og er eigentleg ein variant av den svenske ”Jansons fristelse”. Jansons fristelse vert lagd med ansjos eller andre variantar av sild, men som den sildepysa eg er, vert ikkje Jansons fristelse servert i original utgåve heime hos oss. Men med bacon, derimot? Namm! Slik gjer du det:

Baconform

10 poteter

300 gram bacon

Ein stor løk

2 fedd kvitløk

1 pakke matfløte

2 ss maizenamjøl

Riven ost

Salt, peppar

1 ts tørka basilikum

Sett steikeomnen på 220 grader. Skrell potetene, og skjer dei i 3-4 mm skiver. Skjer baconet i små bitar, og steik dei i litt olje eller margarin. Pass på så du ikkje svir det som ligg att i panna. Kok ut panna med litt vatn, og ta vare på dette. Skrell løk og kvitløk, og skjer begge i tynne skiver. Legg poteter, bacon, løk og kvitløk lagvis i ei eldfast form. Strø basilikum, salt og peppar på potetene og løken, men ikkje for mykje salt, baconet er salt i seg sjølv. Rør maizenamjølet ut i litt vatn, og bland det godt i matfløten. Har du kokt ut panna, så har du dette utkoket også oppi. Bland, og slå alt oppi forma. Strø osten over, og sett forma inn i omnen. La retten steike i 45 minutt, sjekk undervegs om potetene er gjennomkokte. Server med godt brød og salat.

Har du ein bit røykalaks som ligg att etter jul, så passar det kjempegodt i denne retten. Skjer røykalaksen i strimlar, og legg mellom potetene og løken. Bytt ut basilikumen med dill, elles går du fram på same måte. Er du ikkje så glad i kvitløk, så kan du droppe det.

This entry was posted in: Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Sine says

    Å dette hørtes kjempegodt ut. Nå er du lagt inn i min blogg slik at jeg kan følge deg og evt.flere gode oppskrifter. Flott blogg!

  2. Maiblomst says

    Åh, dette høyrtes snadder ut! Blir nok prøvd i nærmaste framtid.

  3. Pingback: Janssons fristelse « Alt godt

Leave a Reply to SineCancel reply