Lykke, Musikk
Comments 4

Noko av det vakraste II


Eg song i eit kor ein gong, som hadde ein stor, offisiell debutkonsert. På denne konserten framførte vi mykje flott musikk, men det som gjorde konserten aller mest spesiell for meg var dette stykket. 

Stykket heiter opprinneleg Adagio for strings, og er skrive av den amerikanske komponisten Samuel Barber då han var 28 år. Han er fødd i 1910. I denne versjonen vart den brukt i filmen Platoon, og scena der helikoptra kjem inn over slagmarkene med denne vakre musikken i bakgrunnen er hjarteskjerande. Samuel Barber sjølv transkriberte verket for åttestemt kor i 1967 basert på teksten til messesatsen Agnus Dei.

Under konserten, når dette verket skulle framførast, gjekk dirigenten vår og sette seg, og assistenten hans fekk dirigere Agnus Dei. Stykket er veldig krevande å synge. Alle stemmene går over to oktavar, og dei lange linjene er krevande å få til å klinge vakkert. Det var intense ti minutt. Det er ei utruleg kjensle å stå inne i eit så godt kor og bli boren fram på klangen som du sjølv er med på å skape.

This entry was posted in: Lykke, Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Det var jammen litt av et verk å la assistenten få dirigere!
    Dere må ha vært et skikkelig bra kor hvis dere fikk dette til.

    Likar

  2. Ja, vi var ganske gode, om eg skal seie det sjølv. Og sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjarta. 😉

    Likar

  3. Så vakkert… Må være fantastisk å stå i et kor og oppleve «bølgen»! Jeg har aldri sunget i kor, men jeg spiller i band så jeg kan av og til få litt av den opplevelsen. Spesielt da vi spilte The Gael (fra Siste Mohikaner) med det bergenske sekkepipebandet. Fantastisk følelse..!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s