Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 8

Fleire kaker å dele: Mor Monsen

Eg held fram med gode kaker til å ta ut av huset, til loppemarknad, dugnad eller kakebasar. Røra eg brukar er den same som i går, men dobbel porsjon, slik at den passar i ei stor langpanne.

Mor Monsen er ei festkake som ofte vart laga til jul før i tida. Eg syns den smakar så godt at den passar når som helst. Mange oppskrifter med denne kaka er laga med ei tung røre med like delar smør, sukker og mjøl, men eg syns den vert i feitaste laget. Kaka vert litt lettare med rømme eller kesam i, og den held seg godt nokre dagar i ein tett boks. Viss ingen slynglar finn boksen då…

Slik gjer du det:

 

mor-monsenMor Monsen

6 egg

6 dl sukker

2 dl rømme eller kesam

1 dl mjølk

9 dl kveitemjøl

4 ts bakepulver

250 g smelta smør

Skalet og safta av ein halv sitron

50 g korintar

50 g mandlar

50 g perlesukker (du kan og bruke vanleg sukker.)

Sett omnen på 180 grader, og smør og strø ei stor langpanne. Bruk eventuelt bakepapir. Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme eller kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det i medan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Riv det gule skalet av ein halv sitron som du har vaska godt først, og vend det inn i røra saman med sitronsafta. Hell røra i langpanna, og dryss på korintar, hakka mandlar og sukkeret.

Steik kaka i 20-25 minutt, og prøv med kakenål om ho er ferdig.  Legg ei rist over langpanna når kaka har fått kolne nokre minutt, og vend den slik at du får tatt av bakepapiret. Vend kaka tilbake på ei anna rist utan forma, og la den kolne ferdig. Skjer den i snippar når den er heilt avkjølt, eller del langpanna i fire like store delar, og pakk dei pent inn.

This entry was posted in: Mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Den lager mor mi alltid til jul. Sikkert den tradisjonelle oppskrifta, for den pleier ikke heve seg særlig. Faktisk så lite at det står “Mor Flaten” på boksen. Skal formidle denne til henne, så kan hun kanskje skifte boks.

  2. Mor Monsen
    Kokekaffi på 15 liters kjel
    Musikklag med trekkspel og kassegitar under haka
    Tale ved ein krinssekretær
    20-30 ungar med lopper i blodet og makk i baken

    Basar på bedehuset, også eit kulturminne, eit godt eit faktisk

  3. -Og årer, lodd med mange nummer på ein lang strimmel i forskjellige fargar. Toppgevinsten var ein fruktkurv med firkløver og Lohengrin oppi. Auksjon der du kunne by på heimestrikka lestar og broderte dukar. Vi vann sjeldan på lodd, men bestefar min kjøpte ei brun strikkedokke til meg på auksjon. “Vi vann den på pengar”, fortalde eg mora mi då vi kom heim.

  4. hihi, nå ble jeg litt nostalgisk gitt 🙂
    Jeg kan da huske at mor bakte den uteonom jul og jeg da, men mulig jeg roter med kakene.

  5. Ingen hadde høyrt om serveringsløyve, og lotteri- og mattilsyn. I grunnen eit under at det kunne gå bra.

    At eg “vann det på pengar”, det skal eg ha i bakhovudet neste gong eg er på butikken og handlar.

  6. Mari_ says

    Mor monsen er en fantastisk god kake. Har ikke prøvd med rømme i før , men skal ha det i bakhodet til neste gang. Kaka er en fin måte å få brukt opp egg. Du har ikke flere oppskrifter med mange egg i?

  7. Pingback: Kaketips for 17. maifest « Alt godt

  8. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply to bandandersCancel reply