Mat, Middag, Sausar og dippar
Comments 3

Takketrøbbel


Denne veka har eg hatt takketrøbbel. Det byrja med at mannen min, som har ansvaret for at takka kom i hus, kravde sveler på årsmøtet i korpset. Som den gode korpsmora eg er, drog eg med meg takke, egg og kefir på skulen, og steikte i vei. Så langt alt vel, men det var ein del røre att, som eg tok med heim. Først hadde vi sveler og ertersuppe til middag ein dag. Ingenting rart med det, når ein kan ete pannekaker til middag så må sveler gjere same nytta. Ungane var einige, far tvilte.

Så skulle eg i all hast steike opp litt av røra for vi skulle på eit ikkje varsla kaffibesøk til ein nabo. Trur du ikkje eg klarte å gå frå takka utan å slå den av. Då vi kom heim slo eimen mot oss, og smøret eg hadde hatt på takka var brent inn i plata. Eg slo den av, prøvde å tørke av den, men feittet var seigt og fælt. I mangel av gode råd tok eg fram Jif-en og gnidde den rein. Det skulle eg ikkje ha gjort. Svelene ungane kravde å få til kvelds sat blegg fast, trass i at eg hadde smurt. Då lærte eg det; Jif og takke høyrer ikkje i hop.

Den neste katastrofa berga eg ved å bruke komfyrskrapa, og det fungerte mykje betre. Etter ein omgang med skrapa og ein runde med soyaolje på eit kjøkkenpapir har takka kome til seg sjølv igjen, og vi er gode vener. Så gode vener er vi at i dag lagde eg indisk mat, og steikte nan-brød på den. Det fungerte strålande, eg strødde den med mjøl, og steikte brødet på begge sider. Nan-brøddeig er nesten som bolledeig, søt, med smør og egg i. I India og i Pakistan brukar dei det som bestikk, dei skyflar maten i seg ved hjelp av desse brøda. Slik bakar du nan-brød:

nan500 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts salt

1 ss sukker

2 ts tørrgjær

ca 2 dl lunka mjølk

1,5 dl naturell yoghurt

1 egg

4 ss smelta smør

Bland bakepulver, tørrgjær, salt og sukker i mjølet. Varm mjølk og yoghurt, og ha det i bakebollen. Knekk egget i ein kopp, og rør det saman. Ha det i deigvæska saman med smelta, avkjølt smør. Eg brukte flytande Bremykt. Ha i det turre, og elt saman deigen til den er passe fast. La den heve medan du lagar Chicken Curry.

Chicken curry er eit fellesnamn på mange rettar som kan smake ganske forskjellig alt etter kva krydderpasta (curry paste) du brukar. I innvandrarbutikkane finn du heile hyllerekker fulle av ulike blandingar, så prøv deg fram. Trikset er alltid å steike grønsaker, steike kjøt, og ha over vatn, yoghurt (blanda med maizena for at den ikkje skal skilje seg) eller fløyte, saman med krydderpastaen. Curry kan og vere vegetarisk, og blomkål, løk og squash er grønsaker ein ofte kan finne i indiske vegetarrettar. Kjem du til Oslo, så stikk innom Krishna’s cuisine på Majorstua, der får du tradisjonell indisk vegetarmat for ein billig penge.

curryChicken Curry til fire

800 g kyllingfilet

1 stor løk

4 fedd kvitløk

1 ss riven ingefær (gjerne frå glas)

2 ss olje

½ grøn squash

2 dl vatn

3 dl fløyte

2 ss flytande eller ein terning kyllingbuljong

2 ss curry paste, eg brukte balti curry paste

2 ts sukker

½ boks hakka tomatar

Salt og peppar

Rens og hakk løk og kvitløk. Ingefæren er lettast å rense ved å skrape av det brune skalet med ei skei. Riv den på den finaste sida på rivjernet ditt, viss du ikkje får tak i ferdigriven på glas. Skjer kyllingen i terningar. Omtrent på dette tidspunktet bør du sette på ris, og elte deigen til nan-brøda. Sett takka på maksimal varme. Kjevle deigen til avlange leivar slik at du kan legge to på takka i gangen. Strø takka med mjøl før du legg leivane på. Sett varmen ned litt, og sjekk ofte slik at det ikkje blir for varmt. Brødet skal vere varmt når du serverer det. Legg eit klede over så det ikkje får hard skorpe, for det skal vere mjukt og lett å rive i.

Steik kyllingen i ei steikepanne. Bruk vatnet til å koke ut panna mellom kvar steiking, og ha kyllingen og panneavkoket i ei gryte. Fres løk, kvitløk og ingefær i same panna, og ha det over i gryta. Skjer squashen i strimlar, og steik den til sist. Slå fløyte over innhaldet i gryta, og ha i tomatar, buljong, sukker og krydderpastaen. Du regulerer styrken på retten med kor mykje krydderpasta du har i. Balti er ein mild pasta, den sterkaste heiter Vindaloo, og er for vidarekomne.

La curryen koke eit kvarters tid. Viss du syns sausen er tynn kan du jamne den med litt maizena, men eg syns ikkje det er nødvendig. Smak til med salt og peppar viss det trengst. Server med nan-brød, søt mangochutney (står på same hylle i butikken) og kokt ris.

This entry was posted in: Mat, Middag, Sausar og dippar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Mari_ says

    Da vet jeg hva vi skal ha til søndagen! Har forelska meg i nanbrød og smakte det første gang da vi besøkte søstra til mannen min som bodde en stund på Tøyen. Her har jeg ikke funnet gode nanbrød, så det skal bli spennende å prøve oppskrifta di .)

    Likar

  2. Iduns says

    Så kjekt å få oppskrift på Nanbrød! Det er jo så godt, og ganske dyrt å kjøpa når ein er mange. Det der med jif og takker veit eg også. Har sluppe å læra the hard way då. Jiffen kan også setja smak på det du ønskjer å steikje på takka, det er heller ikkje kjekt.
    Eg har ei slik svær aluminiumsplate som eg legg på komfyren, veldig lett å oppbevara, lett å reingjera – kjempepraktisk. Ikkje heilt så stor som dei største takkene, men grueleg praktisk.

    Likar

  3. Oioi. Takker er jammen ikke noe å spøke med! Skulle gjerne hatt en selv, har lyst til å lage farmors lefser, og kanskje flatbrød etter hvert.
    Tusen takk for hyggelig melding, sånt hjelper alltid!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s