Lykke
Comments 17

Han mestrar byen…

Ei klok kvinne (forfattaren Elisabeth Stone) sa ein gong: Making the decision to have a child is momentous. It’s to decide forever to have your heart go walking around outside your body. Og det gjer dei. Han mestrar byen,

img_5226

og han hiv seg utpå. 

img_5242

Og eg står der med kameraet, og vonar det går bra. Det gjer det stort sett alltid.

Det er dette eg set sånn pris på ved å bu i byen; at barna mine lærer å handtere den. Dei kan oppleve situasjonar då dei er redde, men dei har sett forskjellig sidan dei har vakse opp her, og har lært seg å takle det. Mellom busstoppet du ser over og der vi bur ligg natthjemmet for prostituerte. Dei sit på bussen og sminkar seg, skjelvne og oppstylta.

På andre sida av gata ligg ein bustad for psykiatriske pasientar som skal ha butrening. Dei gjer mykje rart, men har folk som passar på seg. Det går overraskande bra. Litt lenger oppi gata ligg utdelingsstasjonen for metadon. Det går også bra, dei er ikkje ute etter å skade nokon, dei vil berre ha dosa si. 

Eg trur at barn som ser slikt, som lever oppi slike uttrykk for menneskeleg eksistens, blir robuste, og forstår kva det inneber med rus, prostitusjon og psykiatri. Vi kan smile av dama som snik seg over gata og rappar syrinar, eller sminkedamene på bussen. Men vi oppfører oss ordentleg, ler ikkje av dei, og går utanom dersom dei er sinte.

No virkar det som om vi bur i ein pøl, og det gjer vi ikkje. Men dette er livet, vi set ikkje i gang underskriftsaksjonar for å sleppe det eine og det andre i vårt nabolag. Vi lever og let dei leve. Slik må det vere, skal folk få ha ein stad der dei får høve til å samle seg, kome seg på beina att og skape seg eit nytt liv.

This entry was posted in: Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

17 Comments

  1. Vel talt.
    Så godt med noen som ikke ennå har tenkt de tanker de har tenkt å tenke. 😉

  2. Elsa says

    Så sant som det er sagt/skrevet Linnemi.

  3. Per says

    Dette er for bra skrevet til å «bare» leve sitt liv i en blogg. Dette bør kunne bli et flott innlegg i en av de store avisene. Som et korrektiv til dagens elendighetsbeskrivelser, og som et korrektiv til gjegse oppfatning av at vi beskytte barna våre mot alt som er vondt og vanskelig her i livet. Det er kun ved å møte livets skyggesider at man blir til «eit gangs menneskje» som det het i den gamle grunnskolelova. Stå på, Alt godt.

  4. Blei veldig glad når eg las dette! Slektningane våre som bur igjen på landet er ofte engstelige når det gjeld barnabarna i livsfarlige Oslo. Men eg tenker også at dei er heldige som får lære dette, at det er eit mangfald av mennesker i alle fargar og forfatningar. Og oppi dette skal vi være glade for det vi har, ikkje misfornøgde med alt vi ikkje har. Fin fint altgodt!

  5. Kirsten says

    Godt skrevet… som alltid 🙂
    Skulle ønske flere fikk vokse opp i et sånt strøk.
    Da ble kanskje verden et bedre sted å leve…for alle.

  6. Britt Åse: Korleis kjem ein dit?
    Linnemi: ja, eg er ingen gubbe… 😀
    Elsa: 🙂
    Savanne: Er han ikkje fin?
    Per: Takk! Eg har hatt eit liknande innlegg utan bilde osv på trykk i ei lokalavis på Vestlandet. No ligg det her, viss det høver seg slik kan eg ta det vidare.
    Mykstart: Ja, ikkje sant? Det er mange som synest synd på meg og mine heime, stakkars dei som bur midt i byen. 🙂
    Kirsten: Det trur eg og. Det viktigaste er eit ope sinn.

  7. Så klokt, medmenneskeleg og godt å lese det du skriv. Eg har budd fritt og skjerma, men sentralt med utmarka (den såkalla jungelen) som næraste granne. Heilt til i haust, då arbeidet med bygginga av dei sårt etterlengta psykiatribustadane starta. Knausar vart vekkskòtne, tre vart nedsaga (inkl. furene i hagen vår) og huset vårt vart brått synleg frå hovudvegen, og alle seier: «Kor kjekt å sjå huset dykkar, men stakkars dykk som skal verte nabo med slikt klientell». Til sommaren flyttar dei inn…
    Ja, eg må berre innrømme at eg kjende på det i starten. kommunen utsette bygginga/leita etter høveleg stad i 10 år?, fordi ingen ville ha dei innpå seg.
    Eg hadde sommar-/julejobb på ein psykiatrisk sjukeheim i to år, og der lærte eg mykje og fekk respekt for både menneska bak – og sjukdommen. Det er mi plikt å vere god nabo, same kven det er!!
    Samstundes er eg glad for at huset vårt er høgt og ligg høgt oppe på ein knaus, slik at vi slepp få dei heilt innpå kroppen…..

  8. Pingback: Eit bloggememe « Alt godt

  9. Pingback: Ikkje la angsten styre! « Alt godt

  10. Pingback: Tenåringsfeiring « Alt godt

Leave a Reply