Allergi, Billig mat, Mat, Middag, Noko søtt, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 5

I morgen er det sommer

”I morgen er det sommer”, fortalde den austlandsfostra sonen min meg, han hadde sett ei sol på vermeldinga. Så feil kan ein ta, ute er det så vidt temperaturen kryp over 12 grader av og til, og regnet silar ned rett som det er.

Men inkje er så gale at det ikkje er godt for noko. Hagen min er fin og grøn, det har til og med kome gras på nokre flekkar der det før berre var grus og groblad. Plenfrøa trivest tydelegvis med 12 grader pluss og lett regn. Rabarbraen kjem og trufast, trass i at den brutalt vart greven opp i vinter av UPC som kom for å legge inn breiband i huset vårt. Og breitt var det, vi har fått eit nytt bed som kallast UPC-bedet, ei meterbrei stripe som før var plen, men som no er fylt med fiolar, tusenfryd og alperips. Litt sitrontimian har vi og funne plass til.

Graslauken syns og at veret har vore greitt, han står så strunk og fin med masse lilla blomster. Svigermor mi har lært meg at på denne tida skal eg skjere den heilt ned, ta ut blomane og hakke og fryse dei stilkane som ikkje har blome på seg (dei med blome er treene i stilken) og fryse dei på glas. Eg fyller eit reint syltetøyglas med fersk graslauk og set det i frysaren. Då er det lett å skrape ut med ein gaffel så mykje som du treng, utan å tine heile glaset. Men vi tek litt til side for å lage min sommarfavorittmat; spekeskinke med nypoteter og graslauksaus.

Dette er mat svigermor har lært meg å lage, og ho saltar og tørkar spekeskinka sjølv, og har den hengande på låven på Finnskogen til den er klar til bruk utpå våren. Så langt går ikkje eg, men prøv om du klarer å få tak i tørrsalta spekeskinke. Den er lett å hanskast med, ikkje sleip og full av saltvatn, og den smakar nydeleg. Finn du Arne Brimi sine spekeskinkepakkar i kjøledisken kan du trygt kjøpe dei. Dei er tørrsalta, og sjølv om dei kostar litt meir er dei verdt det.

Nypotetene er sikkert frå EU framleis, men snart kjem dei norske, og då må du prøve dette. Enklare mat får du ikkje. Slik gjer du det:

Tre nypoteter per person (ein et alltid fleire enn ein trur når dei er nye og gode)

6-8 skiver god spekeskinke til kvar

3 ss smør

2 ss mjøl

8 dl mjølk

Ein kopp hakka graslauk (meir enn du trur!)

Salt og kvit peppar

Ein sprut sitron

Kok potetene med skalet på i ca. 25 minutt, alt etter storleiken.

Medan dei kokar lagar du sausen. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt på middels sterk varme. Slå på mjølka, og kok opp medan du rører jamt og trutt slik at alle klumpar løyser seg opp. La sausen koke i 7-8 minutt medan du rører godt ned mot botnen minst ein gong kvart minutt. Smak han til med salt, peppar og ein sitronsprut. Nokre brukar alltid muskat i kvitsausen, men eg har lært at til denne maten skal det ikkje vere muskat i. Likar du det kjempegodt, så ikkje bry deg om kva eg syns, men putt det i. Vert det klumpar i sausen, så køyr han glatt med stavmiksaren (før du har i graslauken!), eller sil han. Server!

Eg traff ei dame tidleg i vår som hadde vore på Voss, og ho hadde med ei kvannerot tilbake til Oslo som eg fekk. Kvann er ein gamal kulturvekst som har ei lang historie og mange namn. Den vert kalla jol, kvanngras, kvannrot eller englerot. Rota var viktig i gamle dagar, den vart tørka og malen og blanda i mjølet for å dryge det. Men den kan og etast som stuing eller dampa i godt smør som ein serverer nykål. Men bruk unge skot, dei gamle kan bli i overkant smaksterke.

Kvann smakar fortreffeleg saman med rabarbra, så heldig er den som har ein kvannestilk å skjere i bitar og koke med i rabarbragraut, suppe og slikt. Den er svært rik på C-vitaminar, og sjølv om mange i gamle dagar påsto dei aldri hadde ete ein vitamin i heile sitt liv, så var det vanleg å gå på fjellet og plukke kvann å ete tidleg på våren. Og då trengde ein det verkeleg!

Du skal få lære ein deilig rabarbradessert i dag: Rabarbragelé! Eller prinsessegelé som vi kallar det her i huset. Datra mi har det for seg at ho ikkje likar rabarbra, men så lenge ho ikkje høyrer namnet går det bra. Namnet kjem av den lysande vakre rosafargen som geléen får, den ser fantastisk ut i glasskål, og er ei fryd på eit festbord. Lag den til dømes i vinglas, det ser staseleg ut!

Prinsessegeléen passar til eit festbord med fleire dessertar, for du kan lett kombinere den med ein annan dessert; jordbær- og rabarbraform med mjukt lok. Det du ikkje brukar til geléen kan du bruke i den andre desserten. Følg med, slik gjer du det:

rabarbraPrinsessegelé

300 g rabarbra (Har du kvann, så tek du det sjølvsagt med på same måte som over)

5 dl vatn

250 g sukker

10 plater gelatin

Skyll og skjer opp rabarbrastilkane. Ha dei i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke til rabarbraen er mør. Slå blandinga over i ei sil, og la rabarbraen renne av.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme rabarbrasafta som er silt frå. Rør godt, slik at dei smeltar. Slå blandinga over i ei stor skål, eller i porsjonsskåler. La det stå kaldt i minst 5 timar. Server med vaniljesaus.

Rabarbra- og jordbærform

Resten av rabarbraen frå prinsessegeléen (eller 300 g ny rabarbra)

Ein kurv jordbær (eller ½ liter jordbærsyltetøy)

Ein skvett (ca. 1 dl) kvitvin viss du har

Sukker viss nødvendig

100 g mandlar

100 g sukker

4 egg

100 g smør

Sett omnen på ca. 165 grader. Rens jordbæra. Ha bær og rabarbra i ei omnsfast form, og slå over vin. Du kan også bruke frosne jordbær i denne oppskrifta. Tilpass sukkermengda i fyllet etter kor mykje sukker det er i jordbæra du har i, og kor søte rabarbraene er etter å ha vore med på lage gelé.

Skill egga. Pisk eggekvitene halvstive. Ha i sukkeret litt og litt til det vert marengs. Mal mandlane, og ha dei i ein bolle.

Smelt smøret. Vend forsiktig smelta, kolna smør, mandlar og eggeplommer inn i marengsen. Hell røra over frukta, og sett forma i omnen. La den steike i ca. 45 minutt, til loket har fått ein fin, gylden farge. Server med vaniljeis til.

5 Comments

  1. Eg trur eg kunne leve med eit ganske breitt UPC-bed. No er eg utan breiband på tredje dagen og på 05000 trur dei at feilen skal vere retta den 15. Om dette hadde vore fyrste gongen hadde det endå vore so, men no er det snart berre e-post kontoen min som held meg til Telenor.

    Tørrsalting er tingen. Det er lenge sidan eg lakesalta spekekjøtet mitt. Og har du nokon gong smakt langsteikt lammelår av halvtørka, tørrsalta og utvatna spekekjøt ?

  2. Det høyrest deilig mørt og saftig ut, anders. Konkurranse er bra, særleg for servicenivået hos teleleverandørar!

  3. Ja, endå bra at Telenor ikkje lagar spekekjøt. Eg er redd det kunne verte ei underleg kulinarisk oppleving til tider.

    Og lammelåret kan etast med treskei, ja.

  4. Pingback: Deilig nykål « Alt godt

  5. Pingback: Sommaren er i hus! « Alt godt

Leave a Reply to bandanders Cancel reply