Duft
Comments 3

Sisley: Eau du Soir

Eg har tidlegare skrive om det å gje ein parfyme ein ny sjanse, men av og til er det ein skal gjere kanskje å bytte produkt. Eau du Soir har eg alltid oppfatta som ei bestemorparfyme, med alt for mykje iris til at eg kunne like den. Den er pudrete, har mykje skarp sitrus i starten, og den har aldri komt lenger enn til papiret med meg.


Sist eg var på ein Sisley-stand møtte eg ei utruleg triveleg og hjelpsom dame som verkeleg formidla duftene til Sisley på ein spennande og god måte. Ho ga meg prøver på dei tre nye duftene Sisley 1,2 og 3, dei skal eg skrive om ein annan dag.

I tillegg putta ho nedi posen nokre små kremprøver på Soir de Lune og Eau du Soir. I dag hadde eg tenkt å ta på meg Soir de Lune, men eg tok ganske enkelt feil, og enda opp med Eau de Soir på hendene og armane.


Så kva luktar denne bestemorparfymen på meg? Det første som slo meg var høy, tørt, nyhesja høy som har kome inn på låven. Så kjenner eg notar som minner meg om skog, om lyng og einer. Samstundes er det eit hint av noko pudrete og metallisk her, eg vel å tilskrive det iris, men den er altså ikkje på langt nær så plagsom i denne kremen som den er i sjølve parfymen.

Duftkombinasjonen av skog, pudder og høy kan vere både feminin og maskulin, den er ei duft med sjølvtillit og attityde på ein god måte.

Eg vil nok ikkje kjøpe denne parfymen, den blir aldri mi som duft å rekne. Men i kremutgåve er dei skarpe sidene ved den dempa, og dei naturlege skogelementa i parfymen får kome fram. Dufta som følgjer kremen er luksuriøs, elegant, kjøleg men tiltalande på same tid. Mange vil nok oppleve den som spennande og sexy, på den rette personen med den rette hudkjemien.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Jeg tror jeg må avsted og lukte litt på denne! Slik du beskriver den høres den ut som noe man bruker på disse dagene hvor man savner barndommens sommerdager hos bestemor!

  2. Hilde Brandal says

    Hei! Eg synest dette er ein kraftig og flott parfyme til fest i vinterhalvåret. Tenker ikkje på bestemor, men på vaksne damer med autoritet med denne parfymen 🙂 Men ein flakong varer leeenge…;)

  3. Kjenner ikke denne parfymen – men kan underskrive på at en del parfymer utvikler seg helt forskjellig på papir og hud. For min del er papiret kun brukandes til å kjenne de første toppnotene. Alt annet utvikler seg helt forskjellig på meg og papir. Og jeg har nok en ganske lav overflatetemperatur som egentlig hemmer mange parfymer. Har flere ganger fått «sjokk» over hvor sterkt parfymer som jeg omtrent kan bade i lukter på andre mennesker.
    Hos meg er forresten albuehulen det beste stedet å teste parfymer da jeg ofte er for kald på håndleddene.

Leave a Reply to Hilde BrandalCancel reply