Billig mat, Sausar og dippar, Veggis
Comments 3

Baba ganoush

Denne auberginretten har eg fått mange søketreff på, sjølv om eg ikkje har hatt oppskrift på den, berre nemnt den i forbifarta ved nokre høve. Baba ganoush finst under mange namn, i Hellas kallast den melitzanosalata. I Syria kallar dei den muttabal. Du finn ein variant av denne retten i India og, då under namnet Baingan Bartha.

IMG_7643Eg må med ein gong understreke at baba ganoush  et ein ikkje fordi den ser så lekker ut. Den blir ein gråleg masse, tiåringen min meiner det må vere slik det ser ut inni hovudet… Men den smakar fantastisk, og då skal ikkje utsjånaden spele ei rolle, skal den vel?

I baba ganoush spelar tahine ei viktig rolle, den framhevar den røykte smaken du får når du varmebehandlar auberginen. Tahine er malte sesamfrø, og er ein fast ingrediens i middelhavskjøkkenet frå Hellas og rundt med klokka til Marokko. Slik gjorde eg det:

IMG_7654Baba Ganoush

2 store auberginar

1 fedd kvitløk, knust

1-2 ss sitronsaft

1 ts malt spisskummen (kan sløyfast)

Salt og peppar

1 dl tahine

Ei ts honning (kan sløyfast)

IMG_7663Sett omnen på 250 grader med varmluft. Legg auberginane på eit bakepapir, og bak dei i omnen på 250 grader i 40 minutt.

 Ta ut auberginane, og la dei kolne litt under eit klede. Fjern skalet med fingrane, det går lett viss du får ein finger på innsida og let den gli mellom skinnet og kjøtet.

Ha auberginekjøtet i ein bolle saman med alle ingrediensane, men hald tilbake litt sitron og salt for å justere smaken. Bland saman med ein gaffel, mosen skal vere mjuk, men ikkje heilt glatt. smak til om det trengst meir salt og sitron. Garner med litt urter, olivenolje og kanskje nokre svarte oliven til pynt. Server som ein dipp med pitagrød, focaccia eller grovskive for den del.

 

This entry was posted in: Billig mat, Sausar og dippar, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Du og mat!!! Herlig;D
    Inne etter en tur i sola for å avkjøle meg, forrige uke bar jeg ved til ovnen…Snakk om kontrast og det er jo det vi elsker! God helg!

  2. Pingback: Når du kjem til Oslo… « Alt godt

  3. Pingback: Mat frå Syria | Alt godt

Leave a Reply