Billig mat, Grønt, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 7

Ruccolapesto

Er du så heldig at du har stauderuccola så kjem den att år etter år. Diplotaxis tenuifolia heiter den, og kom visstnok i ballastvatnet til skip langs sørlandskysten og har etablert seg der.

ruccolaDen har gule blomar, og ein fin, sennepsaktig smak. Ikkje utan grunn at svenskane kallar den sandsennep. Enkelte hevdar at det norske namnet er steinsennep, men det har eg ikkje vore borti. 

Ei venninne trengte opprydding i ruccolakrattet sitt, og melde meg frivillig til å eksperimentere med fangsten. Ein heil brødpose vart med heim, då eg vog den kom eg til 315 gram. Her får du oppskrift på halv mengde, det er ikkje alle som har ein heil åker å ta av. Slik gjorde eg det:

pinjekjernerRuccolapesto

150 g ruccola

1 fedd kvitløk

1 dl olivenolje

2 ts kapers

2 ss kvit balsamico eller annan lys eddik

100 g parmesan

100 g pinjekjerner

1 ts sukker

1 ss strøkavring

salt og peppar

Riv osten. Køyrer du osten i matmølla risikerer du grove bitar som det ikkje er noko stilig å møte på i pestoen. Ha den i matmølla saman med alt det andre minus salt og peppar. Køyr det til ein grøn, glatt masse.

pestoSmak til med salt og peppar. Vil du ha den litt skarpare kan du tilsette eitt par teskeier Dijon-sennep.

Oppbevar pestoen på tette glas, og slå litt olje på toppen. Den held seg i kjøleskap i ei 7-10 dagar.  

Server ruccolapestoen til pasta, spedd ut med meir olje og litt meir salt til salatdressing eller som saus til grava kjøt. 

 

 

 

7 Comments

  1. Vokser det her på sørlandskysten sier du??? Hæ?? Hvor da? Må ut å lete. Den jeg sår selv går så fort i blomst at en rekker jo ikke å bruke den engang.

    ( Hvisker: osten du bruker er Grana, ikke Parmesan… 😉 -bare for å pirke litt her. Ganske forskjellige i smak de to. )

  2. Den såg god ut, hvilken fin ide. Og enda bedre, jeg har en slik ruccola, eller to faktisk. Blir kanskje ikke så mye som du laget, men det skal i hvertfall bli nog til en middag åt meg og mann 🙂

  3. Syrin: Eg veit ikkje om den er god etter frysing, eg skal prøve!
    Turbolotte: Ja, det vart grana i går kveld, formedelst det faktum at prosessen byrja rundt kl. 23:00, og det var det som var i kjøleskapet… Kjem du innom byen før 20. juli eller etter 10. august skal du få frøplantar av meg!
    Mia: La den sette blomster, så frør den seg og blir fleire til neste år!

  4. Kjøpte pesto som var frossen på et bondens marked ein gong. Det gjekk heilt fint det. Berre øverste laget som hadde forandra farge littegrann.

    Men sukker i pestoen? Trengs det da? Eg heier på mat med minst mulig sukker i.
    🙂

    Stauderuccolaen.. man kan kjøpe de frøene i butikken?

  5. Mykstart: Flott! Då er det berre å fryse i veg. Eg har i litt sukker for å balansere den bitre smaken av ruccolaen, den kan variere frå plante til plante, og gjennom vekstperioden. Per porsjon blir det vel ikkje så mykje. Dropp det gjerne viss du syns det smakar godt utan. Eg brukar ofte sukker som krydder, i salatdressing og i tomatsaus, til dømes. Tomatmat utan ei klype sukker syns eg vert altfor strengt.

    Frøa skal vere mogelege å få tak i, søk på Impecta sine sider.

Leave a Reply to levendelCancel reply