Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Kjapp ryddemiddag

No er det like før vi reiser, og franskmennene som bur i dette huset skal bu her hos oss. Då gjeld det å spise seg ut av kjøleskapet, slik at dei skal ha plass til sitt der. Vi set att eit måltid som dei kan spise når dei kjem så dei slepp å springe rett i butikken, bortsett frå det så ordnar dei seg sjølve.

Vi hadde ei sommarskinke liggande, den dampa eg i krafta frå posen i form med folie over i omnen. Det går fint viss skinka er kokt og skoren i skiver, då blir den fort varm. Krafta frå forma hadde eg i sausen til slutt.

I skapet hadde eg durumkveitegryn på boks, sikkert kjøpt i Sverige på ei eller anna utflukt. Det har eg aldri prøvd før, men det smakte nydeleg. Eg lagde det til omtrent som når eg lagar bulghur eller couscous, bortsett frå at gryna er ferdig bløytte og kokte, så det trengst ikkje væske i blandinga. Det blir ein slags varm grynsalat, saftig og lett å variere. I salaten hadde eg tomatar og vårløk, for det var det som skulle spisast opp. Her kan du variere i det uendelege, med paprika, andre typar løk, soltørka tomatar, oliven, kapers eller korintar. Slik gjorde eg det:

IMG_8177Durumgrynsalat

1 boks durumkveitegryn

2 ss smør

2 fedd kvitløk

3 stilkar vårløk

3 tomatar

1 ss oksefond viss du har

Salt og peppar

Ferske urter viss du har, eg brukte basilikum.

Rens og hakk kvitløken og vårløken. Del tomatane i to rundt ekvator, og fjern frøa. Skjer tomatane i små terningar. Varm opp smøret i ei gryte, og ha i kvitløken. La den surre til den er mjuk, men ikkje brun. Ha i gryna, og ha over fonden, utan vatn. Ha i vårløken, og la de heile surre til det er gjennomvarmt. Ha i tomatterningane til slutt, for å unngå at dei går i oppløysing. Smak til med salt og peppar, og dryss over hakka, ferske urter. Eg dryssa på nokre frø frå ein pose med salatblanding og. Servert med nokre skiver grilla haloumi er denne salaten ein deilig vegetarmiddag.

IMG_8179Dampa sommarskinke

1 kg kokt sommarskinke

Set omnen på 140 grader med varmluft viss du har. Ta nettet av skinka, og skjer den i passe tynne skiver. Skal du servere mange bør du skjere den i tynnare skiver, då vert den drygare. (Gammalt husmortriks) Låg skinka i kraft, så ha krafta i ei eldfast form. Viss ikkje, ta litt vatn. Legg kjøtet i forma som takstein, og brett eit stykke folie tett rundt kanten. La skinka dampe i 20 minutt.

Når skinka er ferdig silar du av krafta oppi ei lita gryte. Rør i eit beger creme fraiche, og smak til med ei klype sennep, salt og peppar.

3 Comments

  1. Å, namm, hva du kan!
    Men, min kjære, nå hadde jeg et spørsmål som jeg tenker du kan hjelpe meg med..? 🙂 …som ikke har med mat å gjøre, men derimot parfyme.
    Hva kan du si om Sarah Jessica Parkers «Covet – Pure Bloom»?
    Har du fått prøvet den?
    Jeg har bestilt den på innfall, uten å ha testet den og er litt spent! 🙂
    Prisen var så god! Takker for alt du kan bidra med. Klem på deg!

  2. Embla: Covet Pure Bloom har eg ikkje lukta på enno, eg likte ikkje Covet, den skulle lukte sjokolade ifølge ekspertane, men for meg lukta den berre rart. Men eg har høyrt frå informerte kjelder at den er langt betre enn Covet, så det er von! Skal sniffe på den så snart eg får sjansen.

    Epicureatricen: JA! No er vi her! Kjem tilbake med meir info.

Leave a Reply to EpicureatricenCancel reply