Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Kommenter innlegget

Matlaging til glede og besvær


Her kjem ei Heidi-oppskrift, denne gongen fråtsar ho i deilige grønsaker i ein saftig, fransk ratatouille. I tillegg har ho eit forslag til ein norsk versjon. Heidi gjekk på skule i Sveits, og lagar mykje mat inspirert derfrå. Hennar omnsbakte skinkepostei er eit minne frå Sveits.

Alt godt

Vi har lagt sommarferien bak oss, og har vore frikobla frå den daglege dont i kortare eller lengre tid. No er kvardagen tilbake, og ikkje ein uvesentleg del av kvardagen vår handlar om mat. Eg har i heile sommar misunt sauene sin lettvinte omgang med maten. Dei stikk berre hovudet nedi graset og tek seg ein jafs, medan eg derimot må lage maten min sjølv enten eg vil eller ikkje. Eigentleg ganske urettferdig. Og i tillegg må eg ta omsyn til pris, kvalitet, kunnskap, helse og tid for å få maten på bordet.

Men heldigvis maten har og ei sosial side. Vi kan nyte maten, ha sosial omgang rundt bordet – det er ikkje så verst likevel. Magen min vil ha mat kvar tredje, fjerde time. Derfor gjer eg lurt i å planlegge matinntaka mine slik at måltida ikkje kjem som julekvelden på kjerringa.

Ratatouille er ei grønsakrøre der zucchini (eller squash) og aubergine er vesentlege ingrediensar. Mange av oss brukar ikkje desse to grønsakene til vanleg, og smaker ein på dei kvar for seg gir dei liten smaksoppleving. Ein må på ein eller annan måte kombinere dei med andre grønsaker slik som i denne retten. Ratatouille er godt saman med steikt fisk eller kjøt og gjerne saman med råsteikte poteter.

Ratatouille

4 ss olje

1 aubergine

1 zucchini

2 løkar

2 fedd kvitløk

1 paprika

2 tomater

½ agurk

2 ss tomatpure

salt og peppar

Vask grønsakene og skjer dei i bitar som ikkje er altfor små. Varm olje i ei steikepanne / jarngryte og steik grønsakene unnteke tomat og agurk. Dei har du i når du ser dei andre grønsakene byrjar bli mjuke. Ha i tomatpure, salt og peppar til slutt.

Ratatouille på norsk

4 ss olje

3 løkar

3 gulrøter

½ sellerirot

1 persillerot

4 tomater

½ agurk

salt og peppar

Vask og rens grønsakene og skjer dei i terningar. Varm oljen i ei steikepanne/jarngryte og steik grønsakene. Ha tomatane og agurken i til slutt. Dei skal ha mindre steiketid enn dei andre grønsakene.

Råsteikte poteter

Skrubb potetene godt og skjer dei i båtar. Vend dei i ei blanding av olje, salt, pepar, og rosemarin eller timian og oregano. Steikast i ei langpanne i omnen på 220 grader i 40 minutt eller til du kjenner dei har vorte møre.

Her kjem ein sveitsisk rett. Pastete tyder postei og dermed vert dette ein skinkepostei. Server gjerne ein grøn salat til. Dette er eit sommarminne som eg kan leve på resten av året.

Sveitsisk skinkepateSchinkenpastete

80 gram margarin

3 egg

1 ts sennep

250 gram skinke

150 gram kvitost

2 dl mjølk

200 gram kveitemjøl

1 ts bakepulver

Litt paprika

Litt muskatnøtt

Salt og peppar

Rør margarin og egg saman. Dette er ikkje så lett dersom margarinen er veldig hard, så la den mjukne før du byrjar. Skjer skinke og ost i små terningar og ha det i. Eg har brukt skinke på boks, men har du anna skinke så bruk den. Sikt på mjøl og bakepulver og ha i krydder, salt og peppar i til slutt. Hell røra i ei eldfast form. Steik posteien  på 175 grader i 45 minutt og server han saman med ein grøn salat.

Det lønner seg å kle forma med bakepapir, for same kor godt du smører forma har posteien lett for å sette seg fast. Med kledd form kan du ta posteien ut av forma og skjere han opp i store firkanta stykke når du serverer han. Av og til brukar eg i staden for ei eldfast form ei lita langpanne, ei hybelkomfyrlangpanne som er halvparten så stor som dei vanlege. Då får posteien rette kantar og ser veldig fin ut.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s