Billig mat, Heidi, Noko søtt, Veggis
Comment 1

For mykje plommer?

Eg skreiv ein mail til Heidi, og spurte om ho hadde nokre gode epleoppskrifter å dele i bloggen. Men ho er meir opphengt i plommer for tida, så dette er det eg fekk.

Alt godt

Alt godt etterlyser oppskrifter med eple, men her i Ørsta er det største problemet alt for mykje plommer. Graset i hagen er dekt av plommer og vi glir på dei i tide og utide. Grasklipparen går ikkje rundt lenger fordi plommer set seg fast inni han. Men eg har fått dei innomhus også. Han eg bur saman med har laga plommesylte i 2 veker no. Eg er lei av tomme sukkerposer og eit kleimete kjøkkengolv.

For å få slutt på syltekokinga fann eg ut at eg måtte hjelpe til. Saftkokaren blei fylt med plommer, og ut kom ei nydeleg plommesaft som vi så kokte opp saman med sukker. Safta er fylt på godt reingjorte mjølkekartongar, og sett i frysaren. Ho er utruleg god, nærmast som ein fruktjuice. Husk at du kan gjere det same med eple når du er lei av eplemos og eplekaker! Prøv oppskriftene under med anna frukt og, det går som regel fint.

Vi har lange tradisjonar med å lage eplekaker, men eg finn få oppskrifter på plommekaker. Her er likevel ei svensk plommekakeoppskrift. Dei er flinkare til å bruke plommer i våre naboland enn det vi er. Unn deg å les ei utenlandsk kokebok om du kjem over ei.

SVENSK PLOMMEKAKE

Deig:

110 gram smør/margarin

90 gram sukker

2 egg

2 dl kveitemjøl

1 ts vaniljesukker

2 ts bakepulver

ca 15 plommer utan stein

Sukker til å strø over plommene.

Smør ei rund 24 cm form. Legg bakepapir i botnen, og smør sidene.  Rør romtemperert smør (eller margarin) og sukker lyst og luftig. Tilsett egga eit om gongen. Bland saman alt det tørre og rør inn. Ha røra i forma,  trykk steinfrie plommer ned i deigen og strø sukker over.

Steik kaka på 175 grader i 20 minutt. Ta kaka ut av omnen og avkjøl ho medan du lagar fyllet:

1 dl kremfløyte

1/2 dl sukker

1 egg

1 dl finhakka hasselnøtter

Pisk fløyten og tilsett sukker, egg og hakka hasselnøtter. Slå dette over kaka når ho har vorte kald og steik ho vidare i omnen i ca 20-25 minutt på same temperatur som tidlegare.  Lagar du kaka utan fyll/topping, må du steike den i 40 minutt.

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Flashback! Svensk plommekake – vilka ljuvliga tider. Liten jente som fikk en bitteliten flaske med sockerdrycka og plommekake på pen asjett. I blant regner jeg meg som to-kulturell… 😆

Leave a Reply