Duft
Comments 6

Tonkabønner – Dipteryx odorata


Eg har skrive om tonkabønner tidlegare , det er ein ingrediens som blir brukt i ein del parfymar som skal ha ei varm, rund duft som verken er vanilje eller sjokolade.

tonkaTonkabønnene veks i tropiske strøk. Dei er frø frå eit tre som kallast Dipteryx odorata som er av erteblomstfamilien. Den aromatiske lukta til dette frøet gjorde at det i mange år vart brukt som smakstilsetjing til tobakk og snus.

Osmoz hadde med seg ein boks med tonkabønner på parfymemessa, og Elysium og eg var kjapt oppi med pølsefingrane våre, og fekk med oss nokre bønner. Eg har sett slike før, hos Specialkøbmanden, men då kjøpte eg ikkje, og det har eg angra på.

Lukta minner meg aller mest om barndommens mandelkjernepudding som søndagsdessert. Mandel, vanilje, eit hint av tobakk og litt høy er assosiasjonane eg får.

Utfordringa er at tonkabønner er forbode i mange land. I USA er det strenge bøter for å innføre tonkabønner ”privat”. Eg har sjekka Mattilsynet sine nettsider i dag, og ikkje funne noko om at det er forbode å ta inn til Norge. Tvert imot er det nemnt i fleire norske oppskrifter, så det burde vere kurant å bruke tonkabønner i mat i Norge.

Grunnen til at det er forbode å ta tonkabønner inn til USA er at frøet inneheld ein sterk antikoagulant, kumarin. Dei fleste blodfortynnande medisinar skal ifølge informerte kjelder vere basert på dette stoffet. Det gjer at det er farleg å få i seg i store mengder. Men den mengda som ein får i seg ved å spise mat krydra med tonkabønner ein sjeldan gong har altså heldigvis ikkje fått norske matstyresmakter til å innføre forbod.

Eg har leita etter matoppskrifter med tonkabønner, og funne det brukt som smakstilsetjing i fiskerettar (sylta laks), søt gjærbakst og i Årets kake 2009, som var ein konkurranse i regi av opplysningskontoret for Brød og korn. Der brukte vinnaren, Elin Erdal Ljåstad, tonkabønner som smaksparfymering i ei sjokoladekake. Spennande!

Min plan er at to av dei tre tonkabønnene skal få gje smak til årets julebrød, og finn eg fleire kan vi eksperimentere meir med dette eksotiske erteplantefrøet.

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Jeg ble så ivrig etter å ha lest innlegget ditt at jeg har søkt på nettet etter butikker som selger dette her i landet (siden 150 kr i porto fra Danmark blir litt i overkant for en pakke på 5 bønner…). Fant dessverre bare en grossist, men de leverte bl.a. til Ica Gourmet på Aker brygge, Fjellberg i Bygdøy allé og Centra Colosseum, så der var det mulighet for å få tak i det ved forhåndsbestilling. Ulempen var at minste forpakning var 200 gram, men hun jeg snakket med hos grossisten var usedvanlig hyggelig og sa at hun kunne sende meg et par løse bønner i posten siden jeg bare ville lukte på dem. Det kaller jeg kundeservice! 😀

    Likt av 2 personar

  2. Kjempeflott!
    Jeg er svært fornøyd med denne posten. Nå skjønner jeg omsider hva slags dufter jeg skal merke meg når det er tonka i en parfyme. Jeg har nemlig lest og lest uten å bli stort klokere. Takkogtakk 😀

    Likar

    • Eg har fått nokre av mine, og resten kjøpte eg i København, i ein fancy krydderbutikk i Torvehallerne. Eg har faktisk ikkje sett dei til sals i Norge.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s