Jul
Comments 14

Ei lita ekstragåve


Når eg gjev gåver til ein familie, både store og små, samlar eg det i ein stor pose. Eg kjøper fine handleposar på IKEA, i år var dei med raudt og kvitt mønster, og merkar dei med ein lapp med namn på. Oppi der går alle gåvene, julekort og gjerne nokre små ekstragåver.

I år er ekstragåvene opptenningsrullar.

Eg tek aviser, fjernar stiftane og delar den opp i tre og tre ark, sånn cirka. Så klipper eg kvar arkstabel i tre, og rullar dei saman til ein fin rull som eg knyter saman med bomullshyssing eller noko anna som brenn godt.

Gjennom heile hausten har eg samla på lysrestar etter kubbelys. Dei smeltar eg i vassbad, for eksempel ved at eg legg dei i eit romsleg glas oppi vatn som eg held rundt kokepunktet.

Her gjeld det å smøre seg med tolmod, det tek litt tid å smelte stearinen.

Når stearinen har smelta dypper eg papirrullane ned i glaset, først øvre halvdel og så andre. Eg let dei stivne på bakepapir mellom dei to dyppingane.

Til slutt samlar eg ti og ti i ein brødpose, og set på eit sløyfeband.

Med desse rullane er det lett som på ein plett å tenne opp i sjølv dei mest gjenstridige omnane.

Når du skal tenne opp ute i skogen er dei også kjempefine. Kvar gong klassa til datra mi skulle i skogen om vinteren vart dei bedne om å ta med ein vedkubbe kvar til bålet.

Men jenta mi vart trekt til side og fekk beskjed at om ho tok med eitt par av dei opptenningsrullane, kunne ho sleppe å ta med vedkubbe. Ein måte å bli populær hos friluftslæraren på, altså.

Slik vart dei sjåande ut til slutt. Ein fin måte å bruke avfall på, lysrestane hadde elles berre gått rett i søpla. Her kjem dei til nytte.

This entry was posted in: Jul

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

14 Comments

  1. Likte den der – man får brukt opp to typer søppel OG laget gave samtidig. Genialt!

    Likar

  2. Genialt! Ellers heilt einig i at Bugges piano med snø på er superfin. I grunnen kan ein godt spele den heile året. Sånn innimellom.. fordi den er så fin..

    Likar

  3. Tilbakeping: Det er nå det gjelder! « Elisabeths Eldorado

  4. Tilbakeping: Helgearbeid – vinterforberedelser « Mellom himmelen og havet

  5. Oi ka lurt! Grei måte å gjennvinne all avisan som bare blir kasta. Å så slipp man jo kjøp alle de der brikettene.

    Dette skal prøves 🙂

    Likar

  6. Tilbakeping: La meg tenne deg litt, det er vinter « Elisabeths Eldorado

  7. Tilbakeping: Gåveidéar « Alt godt

  8. Jeg smelter stearin inni komfyren….Da slipper jeg og følge med. Bruk store hermetikkbokser, sett komyren på 90 grader….

    Likar

Legg att svar til Lena Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s