Billig mat, Mat, Middag, Supper
Comments 5

Restemat på alle fat

Vi er akkurat ferdige med å ynskje kvarandre godt nytt år, og med eit godt nytt år følgjer og restane etter feiringa av jula og det gamle. Har du fått med deg at ei gjennomsnittleg norsk familie kastar mat for 10 000,- per år? Det er hårreisande, og viser at vi har alt for god råd. Eller kanskje det viser at vi ikkje er trygge nok på kva som er god og etande mat? Eller at vi er for dårlege til å ta vare på maten når vi har restar?

Eg veit iallfall at for min eigen del kastar eg mat når eg har planlagt for dårleg, og gløymt at eg hadde ein squash eller eit beger ruccola i kjøleskapet. Og så kastar eg når eg og dei eg bur saman med har vore sløve, og latt middagsrestane stå framme slik at eg er uttrygg på kva bakteriar som har fått formere seg i maten i løpet av natta. Hadde eg teke vare på restane, og rensa og sett dei kaldt eller i frysaren rett etter måltidet hadde vi hatt tilfang til endå ein middag av restar. På nyåret er lommeboka ofte tom, og då er det viktig å utnytte dei ressursane ein har til gode måltid for ein billig penge.

Ei anna side ved dette med matrestar er at vi er redde for utløpte datogrenser. Då er det viktig å bruke sitt beste skjønn, og syns- og luktesans. Alle spedde kjøtprodukt må ein vere ekstra forsiktig med, sidan findelinga gjer at bakteriane kjem til overalt inne i maten, og den vert fortare dårleg. Heile kjøtstykke må ein vurdere ut frå lukt og farge, men her treng datoen ikkje nødvendigvis fortelje heile sanninga, særleg viss kjøtet er røykt eller salta.

Mjølkeprodukt må ein og bruke nasen og smaksløkane på, mager mjølk held seg godt eitt par dagar over datoen viss kartongen er uopna og den ikkje har hatt lange opphald i varm luft, slik den til dømes får under transport om sommaren. Har mjølk eller fløyte blitt skjemt, går den i vaffelrøra, gjerne saman med ein grautrest. Både risgraut og havregraut gjer nytta si i vaffelrøre. Dette har mora mi utvikla til ein kunst, og ho får alltid skryt for dei gode vaflene sine.

Grønsaker visnar og blir slappe og triste, men dei smakar likevel godt i supper og gryter. Skjer bort det som er skjemt, og putt dei i brennsnuten. Særleg gulrøter får lett råte i endane, men skyljer du dei godt og skjer det mørke bort kan resten kokast og etast utan problem. Paprika og tomatar som har blitt mjuke går i pastasausen, eg deler tomatane i fire, og fjernar skalet med ein matpinsett etter at gryta har kokt ei stund. Det er lettare enn å skålde og flå dei.

I dag lagar eg god, gamaldags brennsnut. Eg hadde nesten gløymt ordet, men det kom til meg då eg sat og åt denne gode, tjukke suppa som minte om kjøkenet hennar bestemor. Det finst mange oppskrifter på brennsnut, og ingrediensane varierer. Nokre brukar erter eller byggryn i suppa, då vert den fyldig og rund i smaken. Eg lagde den utan, då vart krafta klar og fin. Eg har og høyrt at nokon jamnar den med ein neve lettkokte havregryn, det er sikkert også godt.

Kjøtet kan vere ein fenalårknoke eller restane av juleskinka, og eg har til og med lagd brennsnut på fåreribberestar. Krafta frå fåreribbe er strålande som suppebasis. Du kan og bruke ein bayonneskinkeskalk, det skal ikkje meir enn 3-4 hekto kjøt til for å lage ein full middag til mange. Fordelen med slikt kjøt er at suppa ikkje treng å koke lenger enn at grønsakene er møre. Eg har brukt salta svinekjøt til mi suppe, det er billig, og gjev fantastisk god kraft. Slik gjorde eg det:

Brennsnut til åtte personar (eller to-tre middagar til fire)

400 gram salt svinekjøt

4 liter vatn

6-7 gulrøter

8-10 poteter

eit lite kålhovud

ei lita rabbe (kålrabi)

ein stor purre

(Gule erter og/eller byggryn viss du vil ha det)

Legg erter og/eller byggryn i bløyt dagen før, viss du vil ha det i suppa. Hell frå bløytevatnet.

Skyll kjøtet, og legg det heilt i ei stor gryte. Slå på vatnet, og la det koke opp medan du skummar av alt grums som flyt opp. Ha i erter og gryn, og la det heile koke ein times tid. Rens grønsakene, og kutt dei i bitar. Når kjøtet er mørt, tek du det opp, og legg det til kjøling.

Ha i grønsakene, og la suppa koke opp att. Når kjøtet har kolna såpass at du kan ta i det, rensar du det for hinner, feitt og bein, og kuttar det i små bitar. Ha det tilbake i gryta.

Smak til om det trengst meir salt, og kvern over litt svart peppar før du serverer med flatbrød og godt smør til. Brukar du ferdig kokt kjøt, byrjar du med grønsakene, og puttar det oppskorne kjøtet i når dei er nesten ferdigkokte. Det som ikkje går med kan du fryse i toliters isboksar (husk å merke boksen godt, ellers kan skuffelsen bli stor…), og då har du middag på fem minutt ein travel onsdag.

Oppdatering: Sjekk ut matvalg 2010http://www.ordentligmat.no om restemat – blant anna!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Supper

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Maiblomst says

    Der eg kjem frå går dette også under namnet brennesnute:-)
    Svært passande namn! Og så er det kjempegodt! Då eg var lita, heime hjå mor og far laga eg det mykje, det var ein av mine favorittmiddagar!

  2. Ja, brennsnut er superduper spise! Og jeg syns jo også ordet brennsnut er utrolig søtt, da.

    Takk for tankevekkende ord om vår hodeløse sløsing. At vi kaster mat for nesten tusen kroner måneden, parallelt med at vi klager på at frukten er for dyr. Det er jo et paradoks.

    Yess. La 2010 bli et år hvor vi utnytter restene!

  3. Pingback: Tweets that mention Restemat på alle fat « Alt godt -- Topsy.com

Leave a Reply to MaiblomstCancel reply