Middag, Tilbehør
Comments 2

Indisk middag – raita

Vi hadde indisk middag på laurdag. Det vart gjort på nest enklaste vis (ikkje take-away, men saus på glas), men med inspirasjon frå våre indiske «naboar». Ranjit Singh, som har nærbutikken her hos oss, er gift med ei søt og koseleg dame. Ho har så vanskeleg namn at ho går under namnet «kona til Singh», litt flaut, men slik er det.

Vi var innom og kjøpte nanbrød og saus, og eg spurte henne om hennar raita-oppskrift. Raita er den krydra yoghurtsausen som du får ved sidan av indisk mat, saman med chutney og aichar, ein slags pickles. Ho foreslo at eg skulle bruke biola-yoghurt, den har eit lite hint av sødme i seg, og gir ein fyldig og god raita. Spisskummen er viktig her som i garam masala, og bortsett frå det er det ganske ukompliserte greier. Slik gjorde eg det:

Raita

Ein halv agurk

3 dl biola-yoghurt

1 ts spisskummenfrø

salt og peppar

Riv agurken ganske fint. Legg den i eit såld, og la den renne av.

Rist frøa på ei varm, tørr steikepanne. Knus dei i ein mortar. Sikt krydderet slik at det grove ikkje kjem i raitaen.

Smak yoghurten til med salt og peppar. Ha i spisskummen litt og litt, smak på til du har fått passe mengde. Klem den siste væta ut av agurken, og ha den i.

Bland godt, og la den stå og trekke medan du steiker kylling, kokar ris og tek fram dei chutneyane du har. Eg brukte mangochutney frå butikken og eplechutney frå kjøleskapet, du veit den hylla med glas som ikkje alle ser verdien av.

Varm nanbrød i omnen om du har gjort som meg og kjøpt ferdig. Ville du sjå bilde av sjølve middagen, seier du? Du skjønar, vi var så svoltne, så vi gløymde faktisk å fotografere den. Så du får bruke fantasien, og forestille deg den. Namaste!

This entry was posted in: Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Takk for oppskrift 🙂 Raita, chutney og naan hevar eit kvart ris-og-kylling måltid. 🙂

  2. Takk for at du deler oppskrift! Jeg googlet etter raita- oppskrift og fant denne, skal prøve å lage den:-)

    Hilsen Marte.

Leave a Reply to JoridCancel reply