Ferie, Grønt, Reise
Comment 1

På bordet

må det alltid stå blomar. Her i København er det spesielt billig og lettvint å velge kva ein vil ha, buketten du ser på bildet kosta 30 kroner!

Kvaliteten er variabel, så ein må sjekke nøye det ein kjøper, men eg elskar det når eg får store bukettar i hus, og kan fylle opp vasane utan dårleg samvit og overtrekt konto.

Det er eit enkelt lykketips: Når du er på reise, og skal bu på same plass nokre dagar, kjøp deg ein bukett til å ha på bordet. Bur du på hotell brukar resepsjonen å vere meir enn villige til å framskaffe ein blomstervase.

Og så kan det hende med deg som det hende med Heidi og meg då vi var i København i fjor i mai: Då vi hadde sjekka ut og sat og drakk te og kaffi i resepsjonen kom dei ned med buketten på dette bildet, og sette den på resepsjonsdisken. Så fin syntest dei han var. (Vi vart litt smigra.)

This entry was posted in: Ferie, Grønt, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply to Gryda Cancel reply