Humor, Livet
Comments 4

Jeg er en luring

-men jeg er snill, er elleveåringen min sitt motto. Det har det vore sidan han var tre.

Han hadde akkurat kome i hus etter ei veke hos pappaen sin. Eg skulle lage frukost til oss, og ville ha paprika på osten. lengst bak i kjøleskapet låg det ein paprika, og eg tenkte skeptisk at den er sikkert øydelagd.

Men den gang ei, den var fast og fin. Men då eg tok den ut kjente eg at det skvalpa i den, og den hadde ei firkanta opning på toppen. Når ein har budd saman med folk nokre år så kjenner ein dei godt, og får fort mistanke om kven det er som har vore kreativ. Så eg spurte den unge helten om han kjente til dette.

«Ja, den var litt slapp, så jeg putta vann i den», fortalte han. «Forrige veke?» spurte eg. «Ja, det er nok ei uke sia. Har den holdt seg?» spurte han. Det kunne eg bekrefte. Snittet på langs er det eg som har kutta for å sjekke at den var OK inni, og det var den. Den var litt rynkete rundt det opprinnelege firkanta snittet, men resten av paprikaen var fast og fin. Vassterapien hadde tydelegvis fungert.

Den vart ikkje spist til frukost, eg er skeptisk til vekegamalt vatn. Men den gjekk i ein gryterett seinare på dagen. Han er ein luring, men han er snill.

This entry was posted in: Humor, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Hajal says

    Det var kreativt gjort – ein rettel luring! 😀

Leave a Reply to Arna ;-)Cancel reply