Livet, Lykke
Comments 9

Gull verd

Når eg er fortvila høyrer du på meg. Du er ikkje alltid einig, men du lyttar.

Når eg rotar og tullar kjem du med konstruktive forslag og idéar.

Når dei store overgangane i livet skal feirast er vi der for kvarandre med mat, gåver og praktisk hjelp.

Når eg treng å fortelle det same ein gong til så lyttar du framleis.

Når vi skal sjå dårleg tv saman veit eg at du likar sørlandschips, den oransje, og French fries frå Kims. Og grøn Bris.

Når kvelden nærmar seg tek du eit glas vin, og eg ein kopp te.

Når vi kjem heim frå reise har vi stort sett alltid med ei gåve til kvarandre, sist Victoria og Daniel-oppvaskklut frå Stockholm.

Når du er borte vatnar eg blomane dine og matar den fine fisken.

Når du har overskot i hagen hamnar det hos meg, og omvendt.

Når du har ei mørk sky over hovudet ditt prøver eg å vere der for deg.

Når du går tur spør du om eg vil vere med.

Når du ikkje har høyrt frå meg på to dagar er du bekymra.

Når eg finn på ville ting er du entusiastisk støttande.

Når eg har store prosjekt på gang tek du fri frå jobben, reiser med og hjelper meg.

Når eg stikk hovudet inn døra har du middag til overs.

Du er gull verd for meg, kjære venn. Kanskje les du bloggen i dag? 😉

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Bina says

    Du er verdt din vekt i gull du også! Klem.

  2. hildeovedia says

    Hulk!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

  3. Pingback: Feriefredag « Alt godt

  4. Pingback: Matstell i tunge tider « Alt godt

  5. Pingback: Blåbærpannekake « Alt godt

  6. Pingback: Endeleg snart mandag? « Alt godt

Leave a Reply to smgj Cancel reply