Advokaten fauk ut døra tidleg i dag, på veg vidare. Eg var så trøytt at eg returnerte til senga, med den naturlege konsekvensen at heile dagen starta noko seint her i huset.
Men når vi først var klare alle saman, dro vi ut på sykkeljakt. Av og til kan det vere ei utfordring å finne bysyklar når du er ute i dei ytre bydelane, og det er vorte litt på dag. Desse erfaringane gjer dei seg i Oslo og. Men etter å ha besøkt tre stativ hadde vi til slutt tre syklar som verken var punkterte eller mangla bremser.
Vi vende nasa nordover frå her vi bur, og sykla forbi den berømte gravplassen Père Lachaise. Der har vi vore før, så vi droppa den i dag. Vi fortsette vidare til Parc de Belleville, ein nydeleg og variert park som ligg i eit noko belasta strøk. Å finne ein kiosk som aksepterte kort der var uråd, vi måtte vandre eit stykke for å finne ein minibank. Men vi kjøpte med oss litt drikke og lunchsnacks, og gjekk inn i parken.
Parc de Belleville slik den er i dag er ganske moderne. Den vart ferdigstilt i 1988, med vakre, steinlagde gangar, flotte blomebed i sprakande fargar og ei grandios utsikt over Paris.
På toppen ligg det eit lite museum som fortel om kor viktig rein luft er for menneska. Vidare nedover renn det eit vassfall gjennom eit 100 meter langt fonteneanlegg, som er så grunt at barna badar der.
På austsida av parken ligg det fantastiske klatreanlegget som mine barn boltra seg i i dag.
Der kan du rapellere med tau, gå inn hemmelege gangar og klatre på ein ekte, skrånande klatrevegg. Innimellom står det rør med taletutar som er forbundne med kvarandre, slik at ein kan snakke saman sjølv om ein står langt unna kvarandre.
Belleville-området er fargerikt, og eg er sikker på at dette parkanlegget er viktig for barna som høyrer til her. Lenger ned er det ein park for dei små, denne store klatreparken er nok for dei som er over fire-fem. Drar du til Paris med barn er det vel verd å ta t-bana til Couronnes, eller ganske enkelt sykle hit.
Godt å se Belleville fra den koselige kanten. Jeg har et helt annet minne fra et ikke spesielt kult hotell, men det er en annen historie. 😉