Ferie, Reise
Leave a Comment

Tilbakeblikk

I dag reiser vi heim frå Paris. I kveld, for å vere heilt presis, vi landar ikkje på Gardermoen før i ellevetida.

Mange var skeptiske når eg sa vi skulle vere over to veker i Paris. Du kjem til å kjede deg, var det nokre som sa. Det kjem til å bli stressande sa andre. Atter andre var kjempemisunnelege, enkelte av dei er like opptekne av parfyme som meg.

Vi har storkost oss heile tida her nede. Vi traff eigentleg ganske godt, vi er ikkje leie, men klare for å dra heim. Fjortenåringen har fått ein boost i franskkunnskapane sine, ho har stor glede av å lese plakatar, lære faste uttrykk og sjå språket brukt i praksis. Vi kryssar fingrane for at det gjer hausten i tiande lettare.

Eg har tøysesnakka masse fransk, i dag førte eg ein heil samtale med ei dame i ein butikk, men til slutt måtte eg legge inn årene, og innrømme at eg feika. Ho la i veg om ulike typar te, og eg datt av lasset i ein sving. I bakeri klarer eg meg fint, eg kan bestille bakarvarer, takke og betale. På restaurant går det også bra, så lenge kelneren ikkje vil vite kvar vi kjem frå og slikt.

Elleveåringen har kosa seg med Disneyland, med å spele DS med storesøstra og å spise god mat. Han har blitt trygg på å reise med metroen og, det syns han var skummelt før. I dag dro dei to heim frå byen åleine, dei bytta metro ein gong og kom seg trygt heim på eiga hand. Dei var slitne, og eg hadde meir energi til overs.

Det fine med å vere ein plass såpass lenge er at ein glir inn i nabolaget på ein annan måte, ein finn “sin” bakar, “sin” kolonial og veit kvar ein skal gå utan å flakke med blikket og sjekke kart. Det gjer ein også tryggare, engstelege folk vert oftare rana og trua, seiest det.

Velib-syklane har gjort at vi har farta rundt i byen fritt, og blitt kjent også utanfor vårt eige nabolag. Mange syns og det høyrest risikabelt ut, men det har gått veldig fint. Vi har hatt lite problem med dei, nokre få har hatt laust sete, ein gong har vi slete med å bli kvitt dei, fordi stativa i nærleiken har vore fulle.

Franskmennene er seg sjølv like, dei er dei einaste eg kjenner som kan vere høflege og uhøflege på same tid. Du veit aldri heilt kvar du har dei, og det er berre å hive seg på og kopiere stilen. Då går alt glattare.

Dei renn over av mercí, si’l vous plait og excusé moi (tilgje rettskrivinga), men dei stenger butikken tjue minutt før tidspunktet som står på døra med ei sjølvsagt mine.  Er dei misnøgde med måten du oppfører deg på, eller meiner du er på feil plass, stiller dei seg tjue centimeter frå deg til du gjer som dei vil. Eg har brent av i kjent pappastil eitt par gongar, når eg har opplevd regelrytteriet deira som heilt urimeleg. Men stort sett går det heilt fint, og sjølv om eg ikkje har fått nokre hjartevennar her i byen så trivest eg godt med parisarane.

No blir det nok ei stund til eg kjem tilbake, men eg tenker tilbake på desse to vekene med stor glede.

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply